Sjukepleiar/vernepleiar
Helsetjenester, Tokke kommune
Revahaugvegen 4, 3880 Dalen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Tokke kommune søkjer etter sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse og rus i 100% vikariat frå 01.06.25 tom. 31.12.25. Sjukepleiar/vernepleiar med anna relevant vidareutdanning kan også søkje.
Arbeidsoppgåver vert innan psykisk helse og rus. Arbeidstida er dagtid på kvardagar, men noko kurs/møter og einskilde dagar med miljøterapi på ettermiddag/kveldstid, må ein rekne med. Kommunen har fleksitidsordning. Kommunen har fast 5 årsverk i psykisk helse og rus. I tillegg har kommunen stillingsressurs til flyktninghelsetenesta og prosjekt.
Psykisk helse og rus har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø, og er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar.
I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysioterapi, ergoterapi og helsestasjon inkl. jordmor og skulehelsetenesta. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune prioriterer utvikling av fagkompetanse og tenestene i kommunen, så du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar. I tillegg har kommunen eigen lokal lønnsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Arbeidsoppgåver
• Sikre eit godt tilbod innan psykisk helse og rus for Tokke kommune sine innbyggjarar.
Avdelinga har oppfølging av barn/unge og vaksne med lettare, moderate og alvorlege utfordringar.
• Brukaroppfølging med fokus på kartlegging, samtalebehandling, miljøterapi individuelt og i grupper.
• Arbeidsstad er poliklinisk på kontor, i heimen til brukar, samt miljøarbeid i aktivitetshus og samfunn.
• Sikre god brukar- og pårørandemedverknad
• Oppfølging før, under og etter behandling i spesialisthelsetenesta
• Bidra til eit godt tverrfagleg samarbeid
• Førebyggjande arbeid
• Holde seg fagleg oppdatert og delta i fagutvikling og kvalitetssikring/-utvikling
Kvalifikasjonar
• Godkjent norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse. Sjukepleiar/vernepleiar med anna relevant utdanning kan også søkje.
• Erfaring med arbeid innan psykisk helse og rus er ein fordel
• Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein arbeidskvardag
• Førarkort klasse B
• God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig
• Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil bli vektlagd
Vi tilbyr
Psykisk helse og rus har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.
Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar.
I tillegg har kommunen eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Andre opplysningar:
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no. Fagleiar psykisk helse og rus, Elin Erikstein kan kontaktast på tlf:97058050
Tiltreding: Ynskjeleg frå 01.06.25, men er open for søkjarar som kan tiltre etter dette.
Søknadsfrist: 04.05.25
Velkomen som søkjar!
Kontaktinformasjon
Evy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975Arbeidsstad
Revahaugvegen 43880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 4954830023
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Evy Katrin Aamlid
Avdelingsleiar
+47 41100975
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2919481
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2007fe1830884721813e32e7b273e298