Vil du bli journalist og bruke nynorsk – her får du opplæring med løn
Stiftinga Nynorsk avissenter
Storehagen 10, 6800 Førde
Om jobben
Vil du bli journalist? Og skrive nynorsk? Då kan vi tilby opplæring med lønn. Og eit halvår fylt av spenning, nye opplevingar og utfordrande journalistisk arbeid.
- Oppstart
- 4. januar 2027
- Stillingstittel
- Journalistpraktikant
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. oktober
Send søknad til
Hva vi ser etter
Du har:-
Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist.
-
Samfunnsinteresse og -engasjement.
-
Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo.
-
Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre.
-
Førarkort klasse B.
Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning. Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn.
Legg attestar og vitnemål ved søknaden, og skriv gjerne nokre ord om kvifor du vil bli nynorskskrivande journalist. Det er på grunnlag av dette vi kallar inn til intervju.
Arbeidsoppgaver
Som journalistpraktikant i Nynorsk avissenter får du jobbe i landets største nynorskavis, Firda.
Du vil få opplæring, ein del teori, men mest praktisk. Alt du skriv vil bli publisert i Firda.
Du vil jobbe som journalist, og får prøve deg på alt frå nyhende og deskjobbing til reportasjar, portrett og video.
Vi tilbyr
Hos oss får du eit halvt år effektiv og intensiv opplæring i journalistikk
Til hausten tilbyr vi plass for fem praktikantar i kull 28 som får ei praktisk retta opplæring på seks månader.
Opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 4. januar 2027. Deretter to månader praksis i sjølvvald avisredaksjon i mai og juni.
Du får:-
Førelesingar i språk, foto, presseetikk og journalistisk metode
-
Rettleiing frå erfarne journalistar, og praktisk trening i redaksjonsmiljø med høg digital kompetanse.
-
Du får innføring i m.a. video, strøyming, frontredigering, gravejournalistikk og datastøtta journalistikk.
-
Løn i heile opplæringstida.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nynorsk avissenter i Førde tilbyr seks månader intensiv opplæring i journalistikk for nett, avis og sosiale medium.
Så langt har vi lært opp 121 nynorskbrukande journalistar sidan starten i 2013. Godt over halvparten av desse arbeider i dag med journalistikk og kommunikasjon.
Vi held til i Nynorskhuset i Førde sentrum.
Nynorsk avissenter er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media/Amedia.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cc5bc6b7-a0d9-47e1-8bb1-fde7c812c96f
- Sist endret
4. september 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
cc5bc6b7-a0d9-47e1-8bb1-fde7c812c96f