Hopp til innhold

Ferievikarar 2026 - Eining for habilitering/rehabilitering

Arbeidsgiver

Habilitering rehabilitering, Stranda kommune

Sted

Kyrkjegata 13, 6200 Stranda

Om jobben

Stillingstittel
Eining for hab./rehab. - Ferievikarar 2026
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Eining for habilitering/rehabilitering søkjer ferievikarar sommaren 2026
Tida for hovudferien er 22.06.2026 - 16.08.2026
Dei som kan arbeide heile perioden evt lange samanhengande periodar vil bli prioriterte. I søknaden må du gi opp kva periode/periodar du kan jobbe.

Ferievikarane må arbeide etter den til ei kvar tid gjeldande turnus i den basen dei får jobb.

  • Arbeid i ordinær turnus på dag/kveld og helg
  • Egne nattevakter
Dei som blir tilsett må forevise politiattest av nyare dato.

 


Arbeidsoppgåver

  • Spanande og meiningsfylt arbeid med turnusarbeid dag/kveld/helg
  • Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i direkte møte med menneske
  • Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane

Kvalifikasjonar

  • Det er ikkje stilt konkrete kompetansekrav til ferievikarar. Vi oppmodar både dei som er under helsefagleg utdanning og dei som ynskjer å bli kjent med eit nytt yrke om å søkje
  • Gjerne erfaring frå liknande arbeid
  • Det er ein fordel å ha førarkort
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Interesse for å jobbe med menneske og gjer ein forskjell i kvardagen for nokon
  • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov

Vi tilbyr

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Arbeidet passer veldig godt for personar som liker fysisk aktivitet og turar.
  • God opplæring.
  • Triveleg arbeidsmiljø.

Kontaktinformasjon

Stine Fjørstad, Fagleiar, 93474099
Espen furset, Fagleiar, 46411075
Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059

Arbeidsstad

Kyrkjegata 13
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5068096194
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 28.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Helene Rimstad

Einingsleiar

+47 46411059

Espen furset

Fagleiar

46411075

Stine Fjørstad

Fagleiar

93474099

Om bedriften

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cc54654d-abf6-444a-a506-54d58ba7b82e

Sist endret

21. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f101de603e514da3adb35327c60c0938

Lignende annonser