Spennande stilling som kreftkoordinator i Vindafjord kommune
Vindafjord kommune Heimetenesta
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
- Stillingstittel
- Kreftkoordinator 60% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Vil du gjer ein forskjell for mennesker i ein sårbar livssituasjon?
Etter mange år i tenesten går ein av våre fast tilsette over i pensjonistenes rekkjer, og me søkjer derfor ein autorisert sjukepleiar med viderutdanning innan kreftsjukepleie.
Kreftsjukepletenesta er organisert under heimebaserte tenester og har tett samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar. Hos oss er kreftpasienten "skipper på eiga skute, medan kreftkoordinatoren kan vera los i uryddige farvaten".
Kva får du jobba med hos oss?- Gi individuell oppfølging og veiledning av kreftpasientar og pårørande
- Samhandla og koordinere tenestetilbod og samarbeid med både interne tenester, fastlegar og spesialisthelsetenesta
- Delta i tverrfagleg samarbeid og ansvarsgrupper
- Utføre symptomlindring, kurativ og palliativ behandling
- Sikre gode pasientforløp frå diagnose til oppfølging og lindrande fase, med vekt på livskvalitet og "kva er viktig for deg no"
- Ha samtalar om det vanskelege
- Leggje til rette for og koordinere tenester for personar som ønskjer å avslutte livet i eigen heim
- Undervise og dele fagkunnskap med tilsette i heimesjukepleien og på institusjonane våre
- Ha ansvar for kveldskafe for personar med kreft og deira pårørande, i samarbeid med Frivilligsentralen
- Bidra til utvikling av kommunens kreftomsorg
- Ein meiningsfull og sjølvstendig stilling.
- Eit godt fagmiljø, tverrfagleg utvikling og deltaking i relevante nettverk.
- Engasjerte kollegaer som ønskjer at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i tråd med kommunen sin kompetanseplan.
- Moglegheiter til å søkje stipend for relevant kompetanseutvikling.
- God støtte og grundig opplæring for kome i gang i den nye rolla.
- Kjekke tilsettegoder, mellom anna gratis parkering og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Høve til å vere med i bedriftskunstlaget og det kommunale koret (KORe’ Vindafjord).
- Ei av Norges sikraste pensjonsordningar, innkludert gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Autorisert sjukepleiar med videreutdanning innan kreftsjukepleie
- Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.
- Du må ha førarkort for personbil
- Gode relasjons- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Trygg i krevjande samtalar og situasjonar
- Fagleg engasjert og oppdatert innan kreftsjukepleie og palliasjon
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cc3f43b0-1dc2-4773-858f-01445e8898b4
- Sist endret
10. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3611925_229841_nn