Hopp til innhold

Klinikkleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk

Arbeidsgiver

Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Klinikkleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Vi søker ein tydeleg og engasjert leiar med gode samarbeidsevner til Kristiansund kompetanseklinikk.

 


Arbeidsoppgåver

Som klinikkleiar får du ansvar for drift og utvikling av klinikken, med personal-, HMS- og fagansvar. Du skal motivere og leie eit breitt samansett tannhelsefagleg miljø, sikre godt samarbeid internt og eksternt, og bidra til ei framtidsretta tannhelseteneste i tråd med samfunnsoppdraget.

Vi tilbyr ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, med gode høve for fagleg utvikling. Stillinga kombinerast med klinisk verksemd.

Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum. Klinikken har f.t. 8 tannlegar, 3 tannpleiarar, 6 tannhelsesekretærar og 4 assistentar, samt spesialist i oralkirurgi.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som tannlege. 
  • Klinisk erfaring og gode faglege kunnskapar om behandlingsprinsipp og førebygging.
  • God forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetsutvikling og pasientsikkerheit. 
  • Ønskeleg med relevant leiarerfaring.
  • God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.
  • Digital kompetanse og tilpassingsevne i møte med nye teknologiske løysingar og arbeidsprosessar. 

Personlege eigenskapar

  • Du er ein løysingsorientert teambyggar med evne til å leie, motivere og bygge tillit.
  • Du er resultatorientert, strukturert og med evne til strategisk og langsiktig tenking.
  • Du har endringsvilje, er utviklingsorientert og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Gode høve for fagleg utvikling, både odontologisk og innanfor leiing.
  • Ny og moderne tannklinikk.
  • Lønn etter avtale.
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse. 
  • Trivelege medarbeidarar. 
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP.

Kontaktinformasjon

Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500

Arbeidsstad

Fosnagata 12
6509 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5172091344
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2026

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

  • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
  • Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
  • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
  • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?

Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cbd65635-9189-4518-a66a-a36e2d867e02

Sist endret

22. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b5ccca9ea08f47f994e652ac1c07b746

Lignende annonser

Laster lignende annonser