Rektor Eikanger skule
Alver kommune
Fyllingsnesvegen 350, 5913 Eikangervåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Rektor Eikanger skule - Mellombels
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. mai
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert og dyktig rektor til skulen vår. Me ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. Som rektor har du det overordna ansvaret for skulen si pedagogiske og administrative leiing.
I Alver kommune har rektor eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du samarbeider jamleg med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.
Felles visjon for skulane er; Ein plass for alle – læring og meistring i fellesskap.
Med bakgrunn i prosess om skulestruktur i Alver kommune vil stllinga være mellombels for skuleåret 2026/2027
Om Eikanger skule
Eikanger skule er ein fådelt skule med 67 elevar plassert på Eikangervåg, berre 13 minutt frå Knarvik. Skulen ligg flott plassert langs Osterfjorden med god tilgang til skog, fjell og sjø. Sidan 2013 har Eikanger skule vore sertifisert som «Dysleksivenleg skule». Ved skulen er det lagt vekt på å skape eit inkluderande og støttande læringsmiljø for alle elevar.
Eit av dei viktigaste satsingsområda det siste året har vore innan språk, lesing og skriving. Skuleåret 2025-2026 har vi delteke på desentralisert ordning for kompetanseutvikling (dekomp), og hatt i eit samarbeid med Nasjonalt Lesesenter ved Universitetet i Stavanger. Språk, lesing og skriving er eit område vi vil jobbe vidare med det komande året gjennom samarbeid og erfaringsdeling i profesjonsfelleskapet.
Arbeidsoppgåver
Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår i kommundelplanen: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer."
Som rektor skal du også ha ansvar for:
- Utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
- Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
- Forvaltning og kvalitetsutvikling.
- Økonomistyring og resultatkontroll.
- Samspel med elevar, foreldre og nærmiljø.
- Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst.
Kompetanse
- Opplæringslova sine krav om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere
oppfylt. - Utdanning og erfaring i skuleleiing er ønskjeleg.
- God system- og rolleforståing
- Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
- Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
- Ønskjeleg med undervisningserfaring frå grunnskulen
- God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
- Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing
Kven er du?
- Du er tydeleg og synleg i møte med elevar, tilsette og foreldre
- Du har gode samarbeidsevner, og er løysingsorientert
- Du trivs med å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft innan blant anna LK20 og inkluderande skulemiljø
- Du er ein god relasjonsbyggar, som kan motivere og inspirere elevar og tilsette.
- Du kan legge til rette for innovasjon og nyskaping
Er du målretta, initiativrik og har eit sterkt engasjement for skuleutvikling? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Me tilbyr
- Eit fagleg dyktig kollegium.
- Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
- Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
- Leiaropplæring
- Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I oppvekst arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Me legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der me søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Me ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cbc0d958-6b23-4fd8-bfbf-6848a97d9cd6
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10295624