Kokk
Aabrekk gård
Oldedalsvegen 2018, 6791 Oldedalen
Om jobben
Stillingstittel
Kokk
Oppstart
1. juni 2025
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
2
Vi søkjer etter deg som kan jobbe med varierte arbeidsoppgåver innan matlaging, servering og reinhald. Vi har ikkje krav til formell kompetanse, men du må ha erfaring med denne type arbeid.
Vi ynskjer at du er positiv, sjølvstendig og tek initiativ. Det er ein fordel med fleire språk, men du må beherske engelsk.
Vi treng deg i 100% stilling i perioden 1. juni til 1. september.
God opplæring vert gjeve. Løn etter avtale.
Om du har spørsmål om stillinga kan du ringe Sindre Aabrekk på tlf 97178588.
Om bedriften
Aabrekk Gard ligg øvst i den vakre Oldedalen i Stryn kommune. Vi tilbyr overnatting i nyrestaurert hus frå 1700- og 1800-talet, har servering for grupper og sel matvarer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle.
Garden og Trollbutunet ligg i eit roleg område, ved foten av Brenndalsbreen, og ikkje langt frå den berømte Briksdalsbreen. Oldedalen er omkransa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar, som dansar nedover fjellsidene.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2825302
- Hentet fra
DIR
- Referanse
cba7bf3c-f503-45a9-ac2d-a114b0f5df64