Rådgivar inntak
Møre og Romsdal fylkeskommune
Molde
Om jobben
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
1
Er du vår nye samarbeidsorienterte medarbeidar?
Du får jobbe med
- utviklingsprosessar og utredningsoppgåver på kompetanseområdet
- skriving av politiske saker, rådgiving og opplæring
- å saksbehandle søknadar til vidaregåande opplæring
- å koordinere og rettleie skolar, kommunar, føresette og elevar i regelverk og søknadsprosess
- å utvikle system og rutinar for inntaksarbeidet
Andre oppgåver på avdelinga vil og kunne bli lagt til stillinga.
Vi søker deg som har
- relevant utdanning frå høgskole eller universitet, fortrinnsvis på masternivå
- relevant erfaring frå offentleg forvaltning eller anna administrativ erfaring
- erfaring frå kvalitetsarbeid og prosess- eller prosjektarbeid
- relevant erfaring frå grunnopplæringa og kjennskap til vidaregåande opplæring er ein fordel
- evne til god munnleg og skriftleg saksframstilling
Vi vil også legge vekt på at du
- har gode kommunikasjonsevner
- tar initiativ og er effektiv og løysingsorientert
- har evne til å bygge nettverk og vedlikehalde relasjonar som grunnlag for langsiktig og velfungerande samarbeid
- er strukturert og analytisk med god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Kompetanse- og næringsavdelinga arbeider for berekraftig vekst og nyskaping i næringsliv og kommunar, og har ansvaret for vidaregåande opplæring og Fagskolen i Møre og Romsdal. Det er i dag ein fagskole, 20 vidaregåande skolar og om lag 1600 godkjende lærebedrifter som gir tilbod innanfor ulike utdanningsprogram, fag og bransjar. Det er vel 80 tilsette på avdelinga. Stillinga ligg på seksjon inntak. Kontorstad er på Fylkeshuset i Molde, med moglegheit for å avtale arbeidsstad i fylkeskommunen sine lokale i Kristiansund eller Ålesund.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2352500
- Sist endret
13. juni 2023
- Hentet fra
POLARIS
- Referanse
37309