Miljørettleiar med hovudvekt på arbeid med skulenærvær - engasjement ved Giske ungdomsskule
Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljørettleiar med hovudvekt på arbeid med skulenærvær - engasjement ved Giske ungdomsskule
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. juni
Vi har ledig eit engasjement i 100 % stilling som miljørettleiar ved Giske ungdomsskule skuleåret 2025-26. Som tilsett vil du vere ein viktig aktør i nærværsteamet til Giske ungdomsskule. Du vil også koordinere eit nettverk med tilsette frå barneskulane i kommuna kor implementering av ny rettleiar for førebygging og oppfølging av skulefråvær er sentralt. Stillinga kombinerer systematisk og elevretta arbeid.
Det er mulighet for avkorta arbeidsår og eventuell forlenging ettersom dette er eit engasjement i oppstartsfase.
I tillegg til formell kompetanse, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er godt skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal skannast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Leiar av nærværsteamet til Giske ungdomsskule og kommunalt nettverk
- Jobbe med førebyggande tiltak
- Koordinering av tiltak rundt elevar.
- Rettleiing av tilsette og føresette og arbeid inn mot elevar med ulike utfordringsbilde
- Tett samarbeid med føresette, andre tilsette ved skulen og relevante instansar utanfor skulen.
- Leie og referere i ulike møter osb.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som pedagog, barnevernspedagog, vernepleiar, eller anna relevant 3-årig høgskule-/universitetsutdanning.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid, og gjerne med rettleiing.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- God digital kompetanse.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
- Evne til sjølvstendig arbeid, men også samarbeid med andre.
- Engasjement og løysingsvilje.
- Evne og helse til å stå i krevjande arbeidsdagar.
- Evne til å leie utviklingsprosessar og implementere nye rutiner i organisasjonen
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Gry Støbakk Ytterland, einingsleiar / rektor, +47 92652950Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4984230970
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 25.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Gry Støbakk Ytterland
einingsleiar / rektor
+47 92652950
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cb7dfba4-ef34-4f20-86a3-51ccef021186
- Hentet fra
talentech
- Referanse
32403bf0244d4f45919ceab830691209