Ferievikarar i bu- og habiliteringsavdelinga
Herøy kommune, bu- og habiliteringsavdelinga
Sjukeheimsvegen 5, 6092 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar i bu- og habiliteringsavdelinga
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. mars
Er du i eit relevant utdanningsløp, har du fagkompetanse eller erfaring frå helse og omsorg ? Ønskjer du å gjere ein skilnad?
Bu- og habiliteringsavdelinga inviterer deg til å søkje som ferievikar! Hovudferien vert avvikla mellom 16.06.2025 og 11.08.2025.
Avdelinga består av seksjonane lunde, båre og gneis. Vi yter tenester i bustader, heimetenester og til barn som er på avlasting. Arbeidet vil vere organisert i eigen ferieturnus med avtalt stillingsstorleik.
Vi ber deg skrive litt om deg sjølv i søknaden, skriv når i perioden du kan arbeide og om du har særskilde ønske om arbeidsstad. Søkjarar som kan arbeide heile perioden, vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- målretta miljøarbeid
- miljøterapeutiske tiltak
- ADL-trening (aktivitetar i dagleglivet)
- oppfølging på fritidsaktivitetar med meir
Kvalifikasjonar
- helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar og andre med helse, sosial og/eller pedagogisk utdanning
- relevant erfaring frå liknande arbeid
- bør helst fylle 18 år i 2025
- Elevar og studentar i relevante utdanningsløp vert oppmoda om å søke.
- Dei som søker i heimetenesta bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4). Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- har interesse for å arbeide med menneske
- likar å arbeide i team
- er løysingsorientert
- har evne til å lære noko nytt
- har gode datakunnskapar
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr
- ein variert arbeidsdag saman med mange kjekke medarbeidarar
- god arbeidserfaring, opplæring og vegleiing
- løn etter gjeldande tariffavtale
- studentar i relevant utdanningsløp får betalt etter eigen stige for studentløn
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Rose-Marie Kvalsund, Avdelingsleiar bu- og habilitering, +47 990 98 023Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 56092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4906142922
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 03.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Rose-Marie Kvalsund
Avdelingsleiar bu- og habilitering
+47 990 98 023
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske.
«Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2834588
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d2c2dac49e814d9ba15271d8c28e4839