Hopp til innhold

Miljøarbeidar i 100 % fast stilling – Avdeling Nymarkvegen

Arbeidsgiver

Bu og aktivitetstenesta, Sula kommune

Sted

Nymarkvegen 40, 6030 Langevåg

Om jobben

Stillingstittel
Miljøarbeidar 100% fast stilling- Avdeling Nymarkvegen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Sula kommune, Bu- og aktivitetstenesta søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til ei 100 % fast stilling knytt til oppfølging av ei ung dame i avdeling Nymarkvegen.

Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike former for nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane har funksjonsnedsetjingar som følgje av medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar mellom anna praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetjing og aktivisering, opplæring ved arbeidssenter og dagsenter, privat avlasting og avlasting i institusjon, støttekontakttenester og brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

I denne stillinga vil du vere ein viktig del av eit fagleg og engasjert team som arbeider for å skape ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag for tenestemottakaren. Gjennom målretta miljøarbeid og tett oppfølging skal du bidra til meistring, deltaking og livskvalitet.

Stillinga inngår i tredelt turnus med dag-, kvelds- og nattevakter. Turnusen omfattar vakter på inntil 14 timar og nattevakter på inntil 12,5 timar.


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål.
  • Målretta miljøarbeid i heimen. 
  • Yte fagleg forsvarleg tenester til det beste for bebuaren i tråd med kommunen sitt arbeid og tilsetjingsreglement, mål og verdiar
  • Det er eit overordna mål å sikre tenestemottakar ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vert vektlagt personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å hantere uførutsette situasjonar.
  • Hjelpe tenestemottakar til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid.  

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer assistentar og helsefagarbeidarar. 
  • Gjerne erfaring  innan psykisk helsearbeid.  
  • Det er ynskjeleg med kjennskap til/ erfaring frå arbeide med menneske med ulike hjelpebehov. 
  • Kunnskap om målretta miljøarbeid og brukarorienterte tenester er ønskjeleg
  • Relevant praksis og erfaring vert føretrekt.
  • Krav om førarkort og politiattest.
  • Datakunnskap
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Forutan gode og faglege kvalifikasjonar, ser vi etter ein person med god framferd som likar å arbeide med menneske.
  • Du må vere stabil, fleksibel, pliktoppfyllande og tålmodig.
  • Evne til å motivere og engasjere
  • Løysningsorientert og stor interesse for fagfeltet 
  • Du må ha gode samarbeidsevne og bidra positiv i ei arbeidsmiljø.
  • Du må kunne stå i og takle uførutsette situasjonar. 
  • Tenestemottakar har katt så du kan ikkje ha allergi.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og variert stilling med høve til å gjere ein forskjell i kvardagen til andre
  • Faglege utfordringar og moglegheit for utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
  • Rettleiing og opplæring etter behov
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • 20 års ansiennitetsstige. Kr 5716 pr. år.
  • Lokalt tillegg for helsepersonell. Kr 6500 for helse- og/eller sosialfagleg utdanning, kr 5000 for helsefagarbeidar ( justerast etter stillingsprosent).
  • Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar/ vernepleiar kr 8000 pr. år, andre kr 4000 pr. år. 

Velkommen som søkjar til Sula kommune!

Kontaktinformasjon

Camilla Vee, Einingsleiar, 95710251, camilla.vee@sula.kommune.no
Mariann Kaldhol, Avdelingsleiar, 95710269, mariann.kaldhol@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Nymarkvegen 40
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5024310684
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Mariann Kaldhol

Avdelingsleiar

95710269

mariann.kaldhol@sula.kommune.no

Camilla Vee

Einingsleiar

95710251

camilla.vee@sula.kommune.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cb1e741f-6bbc-45c8-a74f-22c2c2c29e90

Sist endret

24. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4f1cd18ad0214240b1893473270e9500

Lignende annonser

Laster lignende annonser