Sjukepleiar på legekontoret
Avdeling for helse, Nissedal kommune
Treungvegen 398, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar på legekontoret
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. juni
Nissedal legekontor har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar frå 1. september 2025.
Vi søker etter ein engasjert, dyktig og serviceinnstilt medarbeidar med gode samarbeidsevner som vil vere med å vidareutvikle
legekontoret i Treungen.
Arbeidsoppgåvene vil bl.a. vere handtering av sentralbord, laboratoriearbeid og akuttrom.
Arbeidsoppgåver
- Betjening av sentralbord
- Laboratoriearbeid
- Oppfølging av kroniske sjukdommar som kols, diabetes mm.
- Digital heimeoppfølging
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning som sjukepleiar
- Fordel med erfaring frå legekontor
- Ynskjeleg med vidareutdanning innanfor relevante fagområde
Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg som er/ har;
- Erfaring frå legekontor og laboratoriearbeid
- Fleksibel og løysingsorientert
- Gode digitale ferdigheter
- Sjølvstendig, men god til å jobbe i team
- God med menneske
- Serviceinnstilt
Personleg eignaheit er viktig i stillinga og vil bli vektlagt!
Vi tilbyr
Vi kan tilby;
- Spennande og varierte arbeidsdagar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Dagarbeid: 07.30 – 15.00
Anna:
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
- Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
- Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Kontaktinformasjon
Hild Riseth Fjone, Avdelingsleiar helse, 40480877, hild.fjone@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Treungvegen 3983855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4971529788
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2947576
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fcd42a25870b41c8bdc90a461ca769c6