Helsefagarbeider 100% fast
Alver kommune
Idrettsvegen 2, 5936 Manger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider 100% fast, Velferdssenteret Radøy
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 19. mai
Om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar med todelt turnus. Stillinga har arbeid kvar 3. helg, eller mulighet for langvakter både i vekedagene og på kvar 4.helg
Velferdssenter Radøy
Velferdssenteret er ein av seks sjukeheimar i Alver Kommune, og ligg 2 mil frå Knarvik. Sjukeheimen har plass til 38 pasientar. Sjukeheimen er inndelt i fire grupper, der to av dei er tilpassa for personar med demens. Vi har ei korttidsgruppe med plass til sju pasientar. Den største gruppa har plass til 17 pasientar som er somatisk sjuk.
Som helsefagarbeidar hos oss vert du ein del av eit godt fagmiljø der vi har fokus på «kva er viktig for deg». Du vil få kollegaer med glimt i auge, og ein arbeidskvardag der latteren ofte sit laust.
Velferdssenteret har deltatt i TØRN-prosjekt på vegne av Alver kommune. Vi har jobba med oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning, og byggjer vidare på dette arbeidet i kvardagen.
Er du klar for ein jobb der du gjer ein forskjell i kvardagen til andre? Vi har no ei ledig stilling som helsefagarbeidar, og vi håpar at akkurat DU vil bli ein del av teamet vårt. Hos oss får du høve til å vere med og påverke arbeidskvardagen din, og vi set pris på ditt engasjement og faglege bidrag.
Er du vår nye kollega?
Arbeidsoppgåver
- Gje pleie og omsorg til våre pasientar i tråd med deira behov
- Bidra til å skape ein trygg og god kvardag for dei eldre Bidra til eit trygt, godt og inkluderande miljø
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre faggruppar
- Utføre helsefremjande og førebyggjande arbeid
- Dokumentasjon jfr helsepersonelloven
- Medikamenthandtering
Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som helsefagarbeidar
Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Søkarar med erfaring frå eldreomsorg vil bli prioritert
Gode kommunikasjonsevnar, både muntleg og skriftleg
Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Kven er du?
På Velferdssenteret ønskjer vi oss ein helsefagarbeidar som:
Er fleksibel, løysningsorientert og klar for å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Har fagleg fokus og deler sin kompetanse med kollega og studentar
Ønskjer å vere ein viktig del av eit team der du blir verdsett for den jobben du gjer
Har eit stort hjarte for menneske og ser verdien i å gje våre eldre ein trygg og god kvardag
Du er trygg i møte med brukarar og pårørande, slik at du stoler på eigne vurderingar og er ein god medspelar i teamet.
Evne til å arbeida sjølvstendig og i team
Positiv og omsorgsfull med eit genuint engasjement for eldreomsorg og evne til å skape gode relasjonar
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Årsturnus
- Varierte arbeidsoppgåver
- Fokus på medverknad og utvikling
- Tilsetjing i samsvar med lov og avtaleverk
- God pensjonsordning i KLP
- Gratis parkering ved arbeidsplass
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 6 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Såtabu og Servicesenter, Helsehuset, Lindås bu og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.Sektor
Offentlig
Nettsted