Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre?
Voss herad Heimeteneste sone vest
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikarar i heimetenesta -Område Vest
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 5%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 3
Søk på jobben
Søk senest onsdag 9. desember
Assistent i heimetenesta – Område vest (Tilkallingsvikar og mindre deltidsstillingar på helg 0–20 % stilling)
Heimetenesta i Område vest søkjer engasjerte assistentar i 0–20 % stilling. Dette er ei flott moglegheit for deg som ønskjer erfaring innan helse- og omsorgsarbeid, er student innan helsefag eller trivst med å arbeide tett på menneske.
Om arbeidsplassen
Område vest held til ved Voss sjukeheim, sentralt plassert like ved Voss sjukehus og med kort gangavstand til sentrum og kollektivtransport. Heimetenesta yter tenester til innbyggjarar i området frå Vosso til Bolstadøyri. Vi arbeider etter årsturnus, noko som gir føreseielege arbeidsdagar for tilsette og god kontinuitet for brukarane våre.
Arbeidsoppgåver
Som assistent vil du bidra til:
- Pleie og omsorg for brukarar i heimetenesta
- Praktisk hjelp og reinhald i heimen til brukarane
- Mattilbereding og tilrettelegging av måltid
- Utarbeiding av handlelister i samarbeid med brukar
- Dokumentasjon og journalføring
- Bruk av velferdsteknologi
- Utdeling av ferdig tillaga medikament etter opplæring
- Tverrfagleg samarbeid
- Eit godt arbeidsmiljø
- Arbeid etter etiske retningsliner og gjeldande lovverk
- Brukarmedverknad og fokus på kva som er viktig for den enkelte
Vi ønskjer deg som:
- Har lyst til å gjere ein forskjell for andre
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team
- Er positiv, fleksibel og engasjert
- Har interesse for helse- og omsorgsarbeid
Stillinga passar særleg godt for:
- Helsefagelevar
- Sjukepleiarstudentar
- Vernepleiarstudentar
- Andre som ønskjer erfaring frå helse- og omsorgssektoren
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Førarkort klasse B, eller vere under opplæring. Søkjarar utan førarkort kan òg bli vurderte dersom dei er i gang med føraropplæring.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar vert lagde stor vekt på.
Vi tilbyr- Ei meiningsfull og variert stilling
- Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for læring og utvikling
- Opplæring og rettleiing
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande kommunalt avtaleverk
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Magnhild Grønningsæter
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cac9d5f1-4ab0-4765-9a74-cbc2185006c7
- Sist endret
23. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3680323_213117_nn