Drivkraft søker trainee: Næringsutvikling og kommunikasjon
Framtidsfylket AS
Hafstadvegen 42, rådhuset, 6800 Førde
Om jobben
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 2. juni
Drivkraft er ei nyetablert stifting som skal bidra til vidare utvikling av næringslivet i Sogn og Fjordane. Drivkraft er eit initiativ frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, bygd på eit sterkt verdigrunnlag og med ein startkapital på 100 millionar kroner. Ambisjonen er klar: Drivkraft skal vere ein pådrivar for utvikling av både eksisterande og nytt næringsliv i regionen.
No ser vi etter ein trainee som vil vere med og bygge opp noko nytt og forme organisasjon og kommunikasjon. Du blir ein sentral administrativ ressurs i eit lite team, og får jobbe tett med dagleg leiar i oppbygginga av stiftinga. Dette er ei rolle for deg som trivst med ansvar, variasjon og høg grad av sjølvstende.
Arbeidskvardagen vil vere variert. I ein liten administrasjon får du høve til å vere med frå ide til gjennomføring, noko som betyr at du vil få eit år med brei erfaring og fagleg utvikling. Døme på arbeidsoppgåver er:
- Bistå teamet i administrative oppgåver og dagleg drift
- Bidra til å utvikle rutinar, struktur og aktivitetar
- Synleggjere Drivkraft i sosiale medium
- Ansvar for nettsider og andre digitale flater
- Skrive og produsere innhald til ulike kanalar
- Praktisk oppfølging av aktivitetar og prosjekt
Vi ser etter deg som likar å få ting gjort. Du skriv godt, jobbar strukturert og tek ansvar. Du trivst med varierte oppgåver og er komfortabel med å jobbe på eiga hand – samstundes som du bidreg godt i eit lite team. Du har interesse for næringsliv og samfunnsutvikling, og eit ekte engasjement for Sogn og Fjordane, og du må rekne med å reise ein del rundt i regionen. Relevant utdanning innan økonomi/næring/finans er ein fordel, men motivasjon og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Kvifor velje oss?Hos oss får du ein sjeldan sjanse til å vere med i oppstarten av ei ny, langsiktig satsing på næringsutvikling. Du får jobbe tett med leiinga med ein kvardag prega av tillit, ansvar og variasjon. Samstundes vil du gjennom Framtidsfylket og lokalisering på kontorfellesskapet PEAK Sunnfjord vere del av eit nettverk av andre unge og nyutdanna.
Vi tilbyr:- Ei unik rolle i etableringsfasen av ei ny stifting
- Ei variert rolle med både administrative og kommunikative oppgåver
- Innsikt i og erfaring frå arbeid med næringsutvikling
- Tilgang til eit sterkt og spennande nettverk
Vi håpar å høyre frå deg. Kontakt dagleg leiar Alfred Bjørlo om du ønsker å vite meir om stillinga, eller send oss ein søknad.
Arbeidsstad: Peak Sunnfjord, Førde.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:- Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Om bedriften
Akkurat no venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cab9aa73-bff0-4a71-8a29-8484a714cb78
- Sist endret
12. mai 2026
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
30be60b5-8038-4dc5-b626-dd01dd1a4ac4