Hopp til innhold

Rådgjevar Norsk Landbruksrådgiving SA

Arbeidsgiver

Norsk Landbruksrådgiving SA

Sted

Kokstadflaten 36, 5257 Kokstad

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar grovfôr
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Vil du bli ein del av landbruket si viktigaste kompetanseverksemd? Norsk landbruksrådgiving SA har ledig inntil 100 % fast stilling innan fagområdet grovfôr. Rådgjevaren skal betene våre medlemar i Sunnhordland. Det er moglegheit for kontorplass på Kokstad i Bergen eller i Rosendal.

**Gjer ein skilnad -- kvar dag!**I NLR SA står du i sentrum av utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil påverke retningsval og produksjon hos mange enkeltbønder og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten vi alle er avhengige av kvar einaste dag.

I NLR er vi nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette er avgjerande for å lukkast med vårt oppdrag. Vi har eit arbeidsmiljø med stor fagleg breidde og djupne, med høg kompetanse på mange fagfelt. Vi tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg og fagleg utvikling. Rådgjevarane våre styrer i stor grad sin eigen arbeidsdag. Vi ønskjer å få ut det beste av kvar einskilt tilsett, og du får høve til å spesialisere deg og jobbe med det du er god på og brenn for.

Kven søkjer vi?
Vi søkjer ein person med interesse og kompetanse for grovfôr, som er sjølvstendig og strukturert og har eit positivt engasjement for landbruksnæringa. Du bør ha landbruksfagleg utdanning frå høgskule eller universitet og/eller annan relevant landbruksfagleg kompetanse og erfaring. Du må være utadvendt og like å oppsøke våre medlemmar og kundar, for å tilby rådgjeving.

Arbeidsoppgaver:

NLR hjelper norske bønder med et vidt spenn av rådgjeving. Vi ser etter ein person som kan møte aukande etterspurnad frå bønder på desse områda:

  • Jordprøvetaking og utarbeiding av gjødslingsplaner.

  • Klimarådgjeving.

  • Rådgjeving innan økologi.

  • Rådgjeving og informasjon til medlemmane, både munnleg og skriftleg.

  • Planlegge og gjennomføre fagmøte og kurs.

  • Utvikle rådgjevingstilbodet i regionen saman med andre rådgjevarar og samarbeidspartar.

  • Andre aktuelle arbeidsområde kan vere; grovfôrøkonomi og grovfôrstrategi, avhengig av søkarens interesser og kompetanse.

Vi tilbyr:
  • Inntil 100 % fast stilling.

  • Utfordrande fagleg arbeid i et aktivt miljø, både lokalt og nasjonalt, med gode høve for utvikling.

  • Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet.

  • Triveleg arbeidsmiljø.

  • Løn etter avtale.

  • Gode pensjons- og forsikringsordninger.

Om bedriften

Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er et landsdekkende samvirkeforetak med ca. 24.000 medlemmer og 400 medarbeidere. Med 6 regionavdelinger og rundt 100 kontorsteder, har NLR sterk lokal tilstedeværelse. NLR er bindeledd mellom forskning og landbruket, og innhenter, utvikler og samordner kunnskap som rådgiverne formidler til næringsutøvere i landbruket.

Våre rådgivere jobber med rådgiving og utviklingsoppgaver innen jord- og planteproduksjon, økonomi, regnskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og helhetlig rådgiving og er en attraktiv samarbeidspartner for landbruket.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ca690ed4-b5ae-40d7-adde-579ace605118

Sist endret

23. januar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

447189438

Lignende annonser