Vil du bidra til å skapa eit godt grunnlag for livslang læring?
Vindafjord kommune Vågen skule
Vågshagen 22, 5582 Ølensvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 23. juli
Vågen skule søker lærar for 1.-7.klasse i 100% fast stilling.
Kva får du jobba med hos oss?- Variert arbeid i eit positivt miljø.
- Undervisning i fag på barnetrinn.
- Mogleg kontaktlærar ansvar.
- Oppfølging av grupper og enkeltelevar.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Godkjent undervisningskompetanse.
- fagønsker: matematikk, engelsk og norsk.
- Andre med anna relevant utdanning kan også søkja, då vert stilinga mellombels.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
- Kan jobba sjølvstendig og samarbeida i laget rundt barnet.
- Er god på relasjonar med barn og vaksne.
- er omsorgsfull, trygg og forutsigbar.
- Er løysningsorientert og systematisk.
- Bidrar positivt til det profesjonsfaglege fellesskapet på skulen.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ca67ce64-7a12-469e-8139-67e6a816677e
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3524047_229855_nn