ID 2047 Rådgjevar - Fagavdeling rehabilitering, helse og omsorg
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Til Rehabilitering, helse og omsorg i Stord kommune ligg einingane tildelingskontor, NAV, heimebaserte tenester, eining for rus og psykisk helse, eining for habilitering, legetenester/kommuneoverlege, Knutsaåsen omsorgssenter og eining for aktivitet og rehabilitering. Det er om lag 700 tilsette som til saman er tilsett i desse einingane. Fagavdelinga gjev faglege råd og administrativ støtte til Kommunalsjef og einingsleiarane. Fagavdelinga er sentral i utviklinga av kommunen sine helse- og omsorgstenester.
No treng me ein ny medarbeidar i fagavdelinga vår:
Har du leiarerfaring og stor forståing for kva det vil sei å jobba i ein politisk styrt organisasjon? Er du allsidig og god på munnleg og skriftleg saksframstilling?
Om du i tillegg har god arbeidskapasitet, jobbar systematisk, er omgjengeleg, serviceinnstilt og ein god lagspelar, då kan du vera vår nye rådgjevar i fagavdeling for rehabilitering , helse og omsorg.
Er dette noko for deg? Vil du vera med på laget vårt? Då gler me oss til å høyra frå nettopp deg.
Det er ledig fast 100% stilling som rådgjevar. Arbeidsoppgåver;- Gje faglege råd og administrativ støtte til kommunalsjef og leiarar i einingane.
- Skriftleg og munnleg saksframstilling
- Plan- og utviklingsarbeid
- Aktiv når det gjeld å søkja på ulike stønadsordningar i takt med utviklingsarbeid i sektoren
- Ulike koordinering- og rapporteringsoppgåver for einingane
- Organisere møtearenaer, vere referent og tidvis møteleiar
- Samhandling internt og eksternt
- fagansvarleg for lærlingar i helsearbeidarfaget
- Helse- eller sosialfagleg utdanning på minst bachelor nivå
- Brei erfaring frå kommunehelsetenesta og gjerne kjennskap til spesialithelsetenesta
- Det kan vere ein fordel med leiarerfaring og leiarutdanning
- Stor forståing for samfunnsoppdraget
- God kjennskap til aktuelle lovverk
- Sterk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kunnskap om økonomistyring
- Høg digital kompetanse
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysninga får ein ved å venda seg til Kommunalsjef Anne Karin Fossdal,
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2349379
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ca50a49e-c87c-4fca-b399-9a31016c7468