Etterforskar økonomi- og miljøkriminalitet
FEFE - Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Strandgata 2, 6415 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Etterforsker Økonomi- og miljøkriminalitet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 23. april
Vi har no ledig stillingar som etterforskar i eit spennande fagmiljø ved avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet. Er du fagleg engasjert, løysingsorientert og motivert for å bidra aktivt inn i etterforskinga av dei prioriterte sakene til avsnittet vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi har ledig ei fast stilling i Ålesund, samt eit vikariat i Molde. Vikariatet varar i 8 mnd, med moglegheit for forlenging.
Hovudoppgåver ved avsnittet er etterforsking av alvorleg økonomisk kriminalitet og alvorlig miljøkriminalitet. I tillegg bistår vi i andre saker i politidistriktet som dreier seg om profittmotivert kriminalitet og inndraging av økonomisk utbytte. Avsnittet har også fagansvar for menneskehandel og arbeidslivskriminalitet. Dette arbeidet blir utført i samarbeid med andre etatar i form av kontrollar, etterretning og etterforsking. Dette er ei moglegheit til å gjere ein forskjell. Bidraget ditt vil vere viktig i arbeidet med å beskytte samfunnet mot ulike former for kriminalitet.
Om avsnitt for økonomi- og miljøkriminalitetAvsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet ved felles eining for etterforsking, førebygging og etterretning (FEFE) består i dag av avsnittsleiar og ni medarbeidarar med tverrfagleg bakgrunn som politi og /eller utdanning innanfor økonomi. Avsnittet er også samlokalisert med ein bistandsrevisor frå Skatteetaten. Avsnittet er stadsplassert ved politihuset i Ålesund og politihuset i Molde. Noko reiseverksemd må påreknast i stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Utføre taktiske etterforskingsoppgåver innanfor økonomi- og miljøsaker, samt i andre saker som er tillagt avsnittet
- Ansvar for eiga portefølje
- Bidra aktivt i tverretatleg arbeid innanfor avsnittets fagområder
- Pårekne presentasjon av eige arbeid internt/eksternt medrekna i retten
- Bidra til at dei faglege oppgåvene som er lagt til seksjonen blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
- Andre oppgåver kan tilleggjast ved behov
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Gode IT- og systemkunnskapar, herunder beherske Excel og/eller andre relevante verktøy
Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Kompetanse og erfaring med taktisk etterforsking
- Kurs/utdanning eller erfaring med behandling av elektroniske spor
- Vidareutdanning frå Politi(høg)kolen innan relevante etterforskningsfag
- Erfaring frå etterforsking av økonomi- eller miljøsaker
- Anna relevant sivil utdanning innan fagfeltet økonomi og/eller miljøfeltet eller andre relevante utdanningar
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert
- Løysingsorientert og initiativrik
- Evne til jobbe godt både sjølvstendig og i team
- Strukturert og analytisk
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode kommunikasjonsevner
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
- Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457) Tilsetjing er avhengig av kompetanse,jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 585 000 - kr. 680 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 525 000 - kr. 580 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 500 000 - kr. 560 000
- Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- Godtgjering etter gjeldande ATB på kr. 41 806 og tillegg for eventuell turnusteneste
- For særskilt kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønnsplassering og høgare stillingskode bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no/medlemskap-i-spk
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetjing skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Marius Haugland Martinsen, Fung.avsnittsleiar, 41523862Arbeidsstad
Nedre Strandgate 506005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4944724808
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling, Vikar
Søknadsfrist: 23.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Marius Haugland Martinsen
Fung.avsnittsleiar
41523862
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2913590
- Hentet fra
talentech
- Referanse
748ff5811a4941b5875f9fb826014c7e