Landbruksmaskinmekaniker
HOLE TRAKTOR OG MASKIN AS
Gloppen
Om jobben
Stillingstittel
Landbruksmaskinmekaniker
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Kva vi ser etter
Vi ser etter deg som helst har fagbrev som landbruksmekanikar eller frå beslekta bransjar. Har du ikkje fagbrev, men har relevant praksis og stor interesse for faget, kan du også vere aktuell. Vi tilbyr også lærlingplass.
Arbeidsoppgåver
Som mekanikar hos oss får du ein allsidig og spennande jobb. Mesteparten av arbeidstida vil vere på verkstaden, men det blir også ein del arbeid ute hos kundar. Arbeidsoppgåvene omfattar service og vedlikehald av traktorar og landbruksmaskiner, samt service og montering av småmaskiner.
Vi tilbyr
Vi tilbyr gode arbeidsforhold, og utvida og oppgraderte lokale er under planlegging. Gode velferdsordningar og lønn etter kvalifikasjonar. Er du fagleg dyktig, har interesse og erfaring frå vår bransje, gode datakunnskapar og er språkkyndig, kan vi tilby lønn som overgår det som er normalt å oppnå som mekanikar. For den rette kandidaten kan det også vere aktuelt med eigarskap i firmaet.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Hole Traktor & Maskin AS er eit solid firma etablert i 1977 med høg kompetanse innan landbruksmaskinbransjen. Vi driv med service av New Holland og Case traktorar, samt landbruksreiskap frå kjende produsentar. Vi er også forhandlar for småmaskiner frå Husqvarna og Honda m.m.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2843030
- Hentet fra
DIR
- Referanse
ca3083ca-b665-4b1f-bb83-fd72dcc792b1