Form framtida vår -- som betongformann i UNU AS!
UNU AS
Gate 1 nr. 190, 6700 Måløy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Betongformann
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi søkjer ein betongformann som skal ha ansvaret for å planleggje og leie gjennomføringa av betongarbeid på prosjekt, i samarbeid med anleggsleiar/prosjektleiar. Vi har -- og ønskjer fleire -- prosjekt innan alle kategoriar av betongarbeid: over jord, under jord, over vatn, i vatn, på fjelltoppar og nede i dalar.
Hovudansvar
-
Planleggje og leie arbeidet i samarbeid med prosjektleiar
-
Sikre HMS og kvalitet
-
Sørgje for god og lønsam drift
-
Ha fokus på målsettingar og framdriftsplanar
-
Koordinere og sikre etterleving av interne prosedyrar og standardar
-
Ha ansvar for oppfølging av bemanning
Kva vi ser etter
-
Bred erfaring innan betongarbeid. Erfaring med golvstøyping er eit pluss.
-
Fagbrev er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
-
Høg arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner.
-
Evne til å organisere, planleggje, forhandle og leie team.
-
Gjerne erfaring frå prosjektleiing.
-
Initiativrik og handlekraftig.
-
Ser på digitale verktøy som eit hjelpemiddel, ikkje eit hinder.
-
Positiv innstilling til å arbeide borte frå heimen i periodar.
-
Alder er inga hindring.
Kva UNU AS tilbyr
-
Løn etter avtale.
-
Firmabilordning.
-
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med ambisjonar.
-
God opplæring av spesialistar innan faget.
-
Ein god arbeidsplass i eit selskap i vekst.
-
Hos oss gjer du ein forskjell!
Om UNU AS
UNU AS driv med bygg- og anleggsprosjekt, med fokus på kvalitet, effektivitet og gode løysingar for kundane våre. Vi er i stadig utvikling og ønsker oss fleire dyktige folk på laget.
Om bedriften
UNU AS er ei tradisjonsrik bedrift innan bygg- og anleggsarbeid i Ytre Nordfjord, med hovudkontor i Måløy. Selskapet utfører eit breitt spekter av byggeoppdrag for både private og offentlege byggherrar, inkludert næringsbygg og bustadar. I 2023 blei søsterselskapet UNU Ålesund AS stifta, noko som styrkar selskapet si tilstedeværelse i regionen. Med om lag 35 fagarbeidarar, utfører UNU AS i stor grad tømrar- og betongarbeid på ulike prosjekt. Selskapet legg vekt på berekraft og rekruttering av unge talent, med mål om å ha 4-6 lærlingar til ei kvar tid, og jobbar aktivt for å rekruttere fleire jenter til bransjen.
Sektor
Privat
Nettsted