Fagleiar institusjonskjøken
Hogatunet bu- og behandlingssenter, Stad kommune
Skulevegen 24, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagleiar institusjonskjøken
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. september
Ved Hogatunet bu- og behandlingssenter har vi ledig 100 % fast stilling som fagleiar for institusjonskjøkenet frå 01.12.2026.
Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert leiar som ønskjer å vidareutvikle eit kjøkken med høg aktivitet og ei sentral rolle i kommunen sine helse- og omsorgstenester.
Du må trivast med endringsarbeid, kvalitetsutvikling og digitalisering, og ha evne til å motivere medarbeidarar gjennom utvikling og forbetring.
Institusjonskjøkkenet produserer dagleg måltid etter kok/server-metoden til institusjon, bufellesskap, dagsenter og heimebuande.
Vi leverer ernæringsrike og velsmakande måltid til om lag 120 brukarar kvar dag, og har eit breitt tilbod innan spesialkost, bakevarer og tradisjonsmat.
Som fagleiar får du ansvar for den daglege drifta av kjøkkenet, og ei viktig rolle i vidare utvikling av tenesta. Du vil samarbeide tett med einingsleiar og relevante samarbeidspartnarar for å sikre kvalitet, mattryggleik, god ressursutnytting og eit framtidsretta kjøkkentilbod.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle den daglege drifta av institusjonskjøkenet
- Sikre god kvalitet, mattryggleik og fagleg standard i tenesta
- Bidra til utvikling av effektive og framtidsretta arbeidsprosessar
- Leie og delta i forbetrings- og kvalitetsarbeid
- Utarbeide, implementere og følgje opp rutinar innan IK-mat, HACCP og internkontroll
- Ha ansvar for varebestilling, varemottak og ressursstyring
- Delta aktivt i produksjon, planlegging og utvikling av måltidstilbodet
- Rettleie og følgje opp medarbeidarar, og leggje til rette for fagleg utvikling
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein positiv samarbeidskultur
- Samarbeide med einingsleiar om budsjett, personaloppfølging og utvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk eller institusjonskokk
- Leiarerfaring frå storkjøken eller tilsvarande verksemd er ønskjeleg
- Erfaring med kvalitetsarbeid, internkontroll og forbetringsprosessar
- God økonomiforståing og erfaring med budsjettarbeid, innkjøp og bestillingssystem
- God kunnskap om IK-mat, HACCP, ernæring og spesialkost
- Svært gode digitale ferdigheiter og erfaring med relevante fagsystem
- Erfaring med digitale arbeidsverktøy og dokumentasjonssystem er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein leiar som:
- Er tydeleg, trygg og inkluderande i leiarrolla
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig
- Evnar å skape engasjement, utvikling og gode relasjonar
- Har gjennomføringskraft og evne til å leie endringsprosessar
- Er open for nye idear og arbeider aktivt for kontinuerleg forbetring
- Har interesse for ernæring, matglede og gode måltidsopplevingar for eldre
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling med høve til å påverke utviklinga av tenesta
- Eit viktig samfunnsoppdrag i ein organisasjon med fokus på kvalitet og utvikling
- Engasjerte medarbeidarar og gode samarbeidspartnarar
- Lønn etter avtale og gjeldande tariffvilkår
- Årsarbeidsplan og arbeid kvar tredje helg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontakte einingsleiar Heidi Munch Starheim
Kontaktinformasjon
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.noArbeidsstad
Skulevegen 246770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5165216778
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Heidi Munch Starheim
Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter
48045210
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c9ecb990-1c3f-4225-92c1-97a390f62410
- Sist endret
21. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c19053d007844040b88c8edff73d7b3d