Hopp til innhold

Prosjektstilling på ungdomsklubben - 20% i to år

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Lonevågen 5, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektstilling ungdomsarbeider
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 20%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Om stillinga

  • Osterøy Ungdomsklubb er ein gratis, open og inkluderande møteplass for ungdommar i alderen 12-19 år. 
  • Klubben er populær, og besøket på ein kveld kan variera mellom 30 og 60 ungdommar.
  • Klubben held til på Kultursmia i Lonevåg, saman med bibliotek og utstyrssentral. 

     

     

  • Osterøy kommune har fått tilskot til å vidareføra og utvikla ungdomsklubben på Osterøy. Som del av prosjektet skal klubben utvida til opning kvar veke. Me lyser derfor ut ei mellombels prosjektstilling i 20 % for ein periode på to år.
  • Målet med prosjektet er å vidareutvikla ungdomsklubben i tråd med ungdomane sine behov og ønskje, styrkja ungdomsmedverknaden og leggja til rette for aktivitet og fellesskap. Stillinga inneber arbeid på ungdomsklubben kvar veke, samt deltaking i utviklingsarbeid. Stillinga inngår i eit team og har ikkje aleineansvar for tilbodet.

Arbeidsoppgåver

  • delta i ordinær drift av ungdomsklubben
  • bidra til å skapa ein trygg, inkluderande og attraktiv møteplass for ungdom
  • planleggja og gjennomføra aktivitetar, arrangement og enkle verkstader saman med ungdomane
  • leggja til rette for ungdomsmedverknad og bidra til at ungdom får påverka innhaldet i tilbodet
  • bidra i utviklingsarbeid knytt til ungdomsklubben
  • delta i arrangement og aktivitetar i Kultursmia ved behov
Arbeidstid:
  • klubben har fast aktivitet kvar veke
  • arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast
  • noko arbeid i helg kan bli aktuelt
  • arbeidsstad og arbeidstid kan bli justerte etter behov.

Krav og forventingar

Kvalifikasjonar
  • Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning. Relevant erfaring frå arbeid med ungdom kan kompensere for utdanningskravet.
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk.
  • Du kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre.
  • Du må kunne vise godkjent politiattest før tilsetjing.
Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • er trygg, tydeleg og god til å byggja relasjonar
  • er engasjert i ungdomsarbeid
  • tek initiativ og bidreg til aktivitet og fellesskap
  • er fleksibel og samarbeider godt med andre

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.


Om Kultursmia og ungdomsklubben

På Osterøy kultursmie i Lonevåg finn du bibliotek, utstyrssentral og ungdomsklubb. Me er eit hus i full utvikling, med stort spenn i kompetanse og oppgåver. 

Dette er ein arbeidsplass for deg som vil få ting til å skje og som likar å treffe nye menneske kvar dag, til samvær, service og samskaping.

Om ungdomsklubben

Ungdomsklubben er ein lågterskel møteplass der ungdom kan møtast utan krav om deltaking i faste aktivitetar. På klubben blir det servert gratis måltid, og ungdomane kan mellom anna delta i dataspel, brettspel, bordtennis, kreative aktivitetar og sosiale arrangement. Klubben skal vidareutviklast i tett dialog med ungdomane.

Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

Kontaktperson for stillingen

Henrik Carlsen

Leiar Kultursmia

+4799448338

henrik.carlsen@osteroy.kommune.no

Om bedriften

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c9e750ee-89a2-4b82-b039-92656b7c7f4c

Sist endret

6. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10302797

Lignende annonser

Laster lignende annonser