Me skal utvida og søkjer derfor fleire helsefagarbeidarar
Bryneheimen 1
Hognestadvegen 41, 4340 Bryne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Me skal utvide og søker derfor fleire helsefagarbeidere
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Bryneheimen skal utvidast med 3 sjukeheimsplassar og i den forbindelse treng me fleire helsefagarbeidarar.
Me har ledig fleire stillingar i forskjellige stillingsstorleikar- opp til 100 %.
I løpet av våren 2025 skal 1. etg på Bryneheimen utvidast med tre plassar. Desse er plassert i eit tilhøyrande bygg, men i nær tilknytning til resten av avdelinga. Lokala er nyoppussa i 2024.
Det er planlagt langvakter på 13 timer, der eit personal har ansvaret i løpet av dagen. Det vil også bli installert digitalt tilsyn som brukes på natt og ved behov på dagtid.
Me søkjer deg som trives med å arbeida sjølvstendig og som liker å ta ansvar og å styre dagen din sjølv.
Bryneheimen er pr. idag ein stor sjukeheimsinstitusjon med 58 plasser fordelt på to etasjar. I første etasje er det 26 plasser, der åtte av dei er øyremerka personar med demens.
Her i 1 etasje har me eit dyktig og engasjert personale som trives godt på jobb. Visjonen i Time kommune “Me skal gjera kvarandre gode”, ligg til grunn i alt me gjer.
Våre medarbeidarar er fagleg dyktige, løysningsorienterte og romslege.
Me har ein eigen fadderordning, som skal sikra god og nødvendig opplæring hos oss, tett fylgt opp av helsefagarbeidar, fagutviklar og avdelingsleiar.
Me vektlegg i stor grad arbeidsmiljø og kompetanseutvikling, det skal væra gøy og koma på jobb.
Du vil gå langvaktsturnus, med samla vakter som igjen gir lengre friperioder. Arbeidshelg kvar 4, helg. Er det behov for tilrettelegging i kortare perioder, vil dette tilrettelegges for i den grad det er mogleg. Det er også planlagt oppstart av årsturnus i løpet av 2026.
Bryneheimen ligg sentralt plassert på Bryne, med ca 10 minutt gange fra togstasjoen.
Arbeidsoppgåver
- Helsefagleg oppfølging, behandling og aktivisering av beboarar
- Bidra til å skape tryggleik og trivsel for bebuarane
- Priærkontaktansvar
- Dokumentasjon, legemiddelhåndtering og oppfølging av avdelingens rutinar
- Holde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i fagleg utviklingsarbeid
- Veileda, undervise og informera beboarar, pårørande, lærlingar og kollegaer
- Samarbeida med pårørande
- Bidra til et trygt og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
- Du har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg, bestått B2.
- Gode datakunnskaper
- Dersom du har relevant vidareutdanning er dette ønskeleg.
- Politiattest må fremleggjes ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeida sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Renate Iversen, Avdelingsleiar, +47 95809531Arbeidsstad
Hognestadvegen 414340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4910924280
Stillingsprosent: 100, 75%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2842844
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7d2e7b4405494b2d979032caeadad2ec