Byggeleiar bru
Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9 , 6412 Molde
Om jobben
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Er du vår nye byggeleiar på bruprosjekt?
Vil du vere med å sikre og forbetre infrastrukturen på fylkesveg? Vi ser etter ein ivrig og lærevillig brubyggar som har lyst til å leie arbeidet med vedlikehald og nybygg av bruer i heile fylket vårt.
Vi har mange spanande bruprosjekt i porteføljen vår og fleire nye prosjekt er vedtatt. No førebur vi byggherreorganisasjonen vår for å gjennomføre desse prosjekta.
Fylkesvegnettet består av om lag 1400 bruer og bærande strukturar i stål og betong som skal vedlikehaldas og fornyast for å oppretthalde transport og kommunikasjon i fylket. Det er forventa ein samla investering dei neste 4 åra på 500 millionar kronar innan vedlikehald og utbygging på bruprosjekt.
Som byggeleiar hos oss vil du
- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket
- Følgje opp enkeltprosjekta gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og overlevering
- Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet
- Rapportere til prosjektledar og bistå prosjektledar i styringa av prosjektporteføljen for bruprosjekt
- Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga
Vi søker deg som har
- Bachelor eller master i ingeniørfag (Relevant erfaring kan kompensere for utdanning)
- Erfaring frå bygging av betong- og/eller stålstrukturar
- Erfaring med teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar som blir lagt spesielt vekt på:
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Utviklings- og løysningsorientert
Vi tilbyr
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Du blir fast tilsett i vegprosjektseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Denne stillinga er plassert i Ålesund, med kontorlokalar plassert sentralt på NMK i Borgunvegen 340. Kontorstad i Kristiansund eller Molde kan vurderast i særskilte tilfelle.
Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike vegprosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegprosjektseksjonen har i dag 60 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til veginvesteringsprosjekt, bygging av skredsikringstunnelen til Geiranger og ei rekkje bruer og ferjekaier, prosjekt i Bypakke Ålesund og rehabilitering av 26 tunnelar som startar dei neste åra.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Sektor
Offentlig
Nettsted