Ferievikarar i pleie- og omsorg 2025 i Stordal
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune, PLO Stordal - Fjord kommune
Simamarka 46, 6250 Stordal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar i helse- og omsorg 2025 i Stordal
Oppstart
1. juni 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
20
Fjord kommune søkar etter ferievikarar i helse- og omsorgstenesta i Stordal (sjå eigen utlysing for helse- og omsorg i Valldal).
Behovet til kommunen er variert og vi er interessert i alle som kan gå inn i ei heiltid- (100%) eller deltidsstilling for både lang og kort periode.
Ved innsending av søknaden ønskar vi at du presiserar kvar du kunne ønskar å arbeide, når du er tilgjengeleg (frå - til) og kor mykje du kan arbeide (stillingsstorleik). Vi har behov for personell som kan starte i mai og jobbe ut august. Har du høve til å starte før, er det bare å skrive det i søknaden.
- For ferievikarar til heimebasert omsorg, institusjon og bustad for personar med nedsett funksjonsevne må søkjar fylle 18 år, inneverande år.
- For arbeid i pleie- og omsorg vil ein inngå i turnus med arbeid dag, kveld og natt. I dagens grunnturnus er det lagt opp til arbeid kvar tredje helg, men arbeid kvar andre helg er og muleg. Fjord habilitering og Stordalstun har i tillegg 14 timars vakter.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorgsoppgåver i direkte kontakt med brukar/pasient.
- Aktuelle arbeidsstader:
- Sjukeheimen i Stordal (Stordalstunet)
- Heimebasert omsorg i Stordal, søkjar må ha førarkort klasse B
- Fjord habilitering - avdeling Stordal
Kvalifikasjonar
- Vi søkjar primært etter personar med helseutdanning eller etter studentar i helseretta utdanning
- Søkjarar utan helseretta utdanning er også aktuelle.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskkunnnskap.
- Politiattest av ny dato må leggast fram til stillingar der dette vert krevd.
- Må beherske norsk både skriftleg og munnleg
- Bilsertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
- Er trygg, tydeleg og triveleg
- Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
- Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med garantilønnstabell i HTV - KS og tillegg basert på kommunens lønnspolitiske plan
- Lønnstillegg på 20% oppå garantilønn for alle ferievikarar i perioden 1. juni - 31. august
- Medisinstudentar ferdig med 4 eller 5 termin får 25% tillegg på garantilønn.
- Kr 3500,- i bonus for alle ferievikarar som arbeidar 80% eller meir i minimum 6 veker (juni - august) som tilsvarar ca. 170 timar
- Nyutdanna sjukepleiar og vernepleiar får lønn lik 10 års ansiennitet = kr 578 600 NOK
- Det vert trekt 2% frå løna til innskot til pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, 41867990Grete Kvammen Tøsse, Leiar pleie og omsorg, Stordal, 41867960
Arbeidsstad
Simamarka 466250 STORDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 4929267546
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 30.03.2025
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2875341
- Hentet fra
talentech
- Referanse
78cd98064c3047b2906d797dc9ceba3d