Hopp til innhold

Rektor Tonstad skule

Arbeidsgiver

Sirdal kommune Tonstad skule

Sted

Sirdalsvegen 3960, 4440 Tonstad

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 18. oktober

Bli med og styrk Sirdalsskulen!

Sirdal kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor ved Tonstad skule, som gjennom samarbeid og samhandling ønskjer å styrkja Sirdalsskulen.

Dette er eit unikt høve for deg som vil vera med og vidareutvikla ein moderne skule i ein kommune med høge ambisjonar på vegne av elevane. Rektor rapporterer til verksemdsleiar for skule og opplæring.

Tonstad skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Sirdal kommune med om lag 180 elevar. Skulen har 44 tilsette i skule og SFO. Skulen ligg sentralt på Tonstad, i nærleiken av idrettshall, fotballhall og kulturhus. Skulen har moderne lokale, med ein innbydande aula og eit bibliotek der skulen samlast. Skulen har gode inne- og uteområde som legg til rette for læring, trivsel og fellesskap.

Leiinga ved skulen består av rektor, assisterande rektor og SFO-leiar.

Ved Tonstad skule arbeider vi for å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø der alle elevar opplever meistring, trivsel og utvikling. Skulen arbeider for å vera ein lærande organisasjon der profesjonsfellesskapet står i sentrum. Det systematiske arbeidet med læringsmiljøet blir styrkt gjennom tema som mellom anna klasseleiing, elevmedverknad, vurdering og pedagogisk praksis. Lesing og leik/uteskule er område skulen satsar på.

Som rektor blir du ein del av eit fagleg sterkt rektorkollegium, leia av verksemdsleiar for skule og opplæring.

 

Arbeidsoppgåver:

· Leia og vidareutvikla den pedagogiske verksemda ved skulen, med elevane si læring, meistring og trivsel i sentrum.

· Skapa ein tydeleg, inkluderande og lærande organisasjon prega av samarbeid, tillit og profesjonsfellesskap.

· Sikra eit trygt og godt læringsmiljø og følgja opp skulen sitt arbeid med inkludering, fellesskap og elevmedverknad.

· Ivareta ansvaret for personalet ved skulen, arbeidsmiljøet og kompetanseutviklinga.

· Leia utviklingsarbeidet ved skulen og sikra systematisk kvalitetsoppfølging i tråd med lovverk, læreplanverk og lokale mål.

· Forvalta ressursane ved skulen på ein målretta og ansvarleg måte, med vekt på kvalitet i opplæringa.

· Byggja gode relasjonar og samarbeida tett med elevar, føresette, tilsette, skuleeigar og andre samarbeidspartnarar.

· Ivareta økonomi- og resultatkontroll.

 

Ønskte kvalifikasjonar:

· Du har relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaring.

· Du har erfaring frå offentleg grunnskule.

· Du har erfaring med og kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling.

· Du har gjennomført rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning, eller er villig til å starte vidareutdanning innan leiing innan to år etter tilsetjing.

· Du har kunnskap om og erfaring med digital praksis.

 

Personlege eigenskapar:

· Du involverer gjennom eit profesjonelt lærande fellesskap og har gjennomføringsevne.

· Du har god kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.

· Du leier med ro og tryggleik.

· Du er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd.

· Du kommuniserer godt, legg til rette for samarbeid og skapar gode relasjonar på alle nivå.

· Du er oppteken av dialog og har ein verdsetjande måte å leia dei tilsette på.

· Du er fleksibel, lojal og har godt humør.

· Du arbeider sjølvstendig, målretta og strukturert.

Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna.

Den som blir tilsett, må leggja fram godkjend politiattest før tilsetjing, jf. § 17-11 i opplæringslova.

 

Om arbeidsgivaren

Sirdal kommune søkjer rektor til Tonstad skule. Kommunen står i ein unik og samansett økonomisk situasjon, med sterke finansielle rammer, høge inntekter frå kraftressursar og låg lånegjeld. Samtidig står kommunen framfor eit skifte der vi må styra kostnadene

smart og rigga økonomien for framtida. Med fokus på bustadattraktivitet, kunnskap og læring, samarbeid og samhandling skal vi møte samfunnsutfordringane Sirdal står overfor.

 

Søknadfrist: 18.10.2026
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Aud Sunniva Fuhr

Kommunedirektør

+47 93000570 +47 93000570

Aud.Sunniva.Fuhr@sirdal.kommune.no

Om bedriften

Sirdal er en attraktiv kraft- og reiselivskommune i Agder med kort vei til Rogaland og Stavanger. Vi er en levende kommune med 1914 innbyggere, og som en av de største hyttekommuner på Sørlandet er vi opptil 40 000 i høysesongen. Kommunen har et rikt kultur- og fritidstilbud med unike muligheter for friluftsliv både sommer og vinter. Vi tilrettelegger for næringsaktiviteter og samarbeider godt med bedrifter som ser muligheter som ligger i kommunen. I Sirdal finner du et trygt og godt oppvekstmiljø, vi sørger for god tetthet i bemanningen på skole og barnehage, og legger vekt på gode fasiliteter og høy kvalitet. Tjenestetilbudet er godt utbygd på alle områder – våre kraftinntekter kommer våre innbyggere til gode https://sirdal.info/

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c957470f-b043-4893-a2dd-4fefecd28b20

Sist endret

23. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3664247_205889_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser