Hopp til innhold

Assisterande rektor – Tonstad skule

Arbeidsgiver

Sirdal kommune Tonstad skule

Sted

Sirdalsvegen 3960, 4440 Tonstad

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 18. oktober

Bli med og styrk Sirdalsskulen!

Sirdal kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert assisterande rektor ved Tonstad skule, som gjennom samarbeid og samhandling ønskjer å vera med og styrkja Sirdalsskulen.

Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å utvikla deg som skuleleiar ved ein moderne skule i ein kommune med høge ambisjonar på vegne av elevane.

Tonstad skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Sirdal kommune med om lag 180 elevar. Skulen har 44 tilsette i skule og SFO. Skulen ligg sentralt på Tonstad, i nærleiken av idrettshall, fotballhall og kulturhus. Skulen har moderne lokale, med ein innbydande aula og eit bibliotek der skulen samlast. Skulen har gode inne- og uteområde som legg til rette for læring, trivsel og fellesskap.

Leiinga ved skulen består av rektor, assisterande rektor og SFO-leiar.

Ved Tonstad skule arbeider vi for å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø der alle elevar opplever meistring, trivsel og utvikling. Skulen arbeider for å vera ein lærande organisasjon der profesjonsfellesskapet står i sentrum. Det systematiske arbeidet med læringsmiljøet blir styrkt gjennom tema som mellom anna klasseleiing, elevmedverknad, vurdering og pedagogisk praksis. Lesing og leik/uteskule er område skulen satsar på.

 

Arbeidsoppgåver:

· Bidra til den pedagogiske og administrative leiinga av skulen i samarbeid med rektor.

· Du vil ha eit breitt ansvarsområde og vera ein viktig støttespelar for tilsette, elevar og føresette.

· Assisterande rektor er rektor sin stadfortredar og tek i vare rektor sine oppgåver ved behov.

· Assisterande rektor skal bidra til å leia og vidareutvikla Tonstad skule i tråd med gjeldande lovverk, nasjonale føringar og kommunale målsetjingar.

· Planleggja og koordinera den daglege drifta av skulen, mellom anna timeplanlegging, vikarhandtering, eksamen, nasjonale prøver og rapportering.

· Vera med å følgje opp elevsaker og arbeidet med skulemiljøet.

· Leia og delta i skulen sitt utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap.

· Leia møte og samarbeidsarenaer internt og eksternt.

· Intern IKT-støtte og oppfølging av digitale verktøy.

· Arbeids- og ansvarsområda kan tilpassast behova ved skulen og kompetansen til den som blir tilsett.

Det ligg 10% undervisning til stillinga.

 

Ønskte kvalifikasjonar:

· Godkjend undervisingskompetanse for grunnskulen i samsvar med gjeldande lovverk.

· Det er ønskjeleg med skuleleiarutdanning. Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning.

· Kunnskap om og erfaring med digital praksis.

· God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

· Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna.

 

Personlege eigenskapar:

· Du er ein trygg og tydeleg leiar med gode relasjonelle dugleikar.

· Du har evne til å motivera, rettleia og skapa engasjement hos medarbeidarane.

· Du kommuniserer godt med elevar, føresette og tilsette.

· Du er strukturert, initiativrik og har god gjennomføringsevne.

· Du tenkjer heilskapleg og strategisk.

· Du er sjølvstendig, løysingsorientert og kvalitetsmedviten.

· Du bidreg positivt til samarbeid og eit godt arbeidsmiljø

· Du er fleksibel, lojal og har godt humør

Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna.

Den som blir tilsett, må leggja fram godkjend politiattest før tilsetjing, jf. § 17-11 i opplæringslova.

 

Om arbeidsgivaren

Sirdal kommune søkjer assisterande rektor til Tonstad skule. Kommunen står i ein unik og samansett økonomisk situasjon, med sterke finansielle rammer, høge inntekter frå kraftressursar og låg lånegjeld. Samtidig står kommunen framfor eit skifte der vi må styra kostnadene smart og rigga økonomien for framtida. Med fokus på bustadattraktivitet, kunnskap og læring, samarbeid og samhandling skal vi møte samfunnsutfordringane Sirdal står overfor.

 

Søknadsfrist 18.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Aud Sunniva Fuhr

Kommunedirektør

+47 93000570 +47 93000570

Aud.Sunniva.Fuhr@sirdal.kommune.no

Om bedriften

Sirdal er en attraktiv kraft- og reiselivskommune i Agder med kort vei til Rogaland og Stavanger. Vi er en levende kommune med 1914 innbyggere, og som en av de største hyttekommuner på Sørlandet er vi opptil 40 000 i høysesongen. Kommunen har et rikt kultur- og fritidstilbud med unike muligheter for friluftsliv både sommer og vinter. Vi tilrettelegger for næringsaktiviteter og samarbeider godt med bedrifter som ser muligheter som ligger i kommunen. I Sirdal finner du et trygt og godt oppvekstmiljø, vi sørger for god tetthet i bemanningen på skole og barnehage, og legger vekt på gode fasiliteter og høy kvalitet. Tjenestetilbudet er godt utbygd på alle områder – våre kraftinntekter kommer våre innbyggere til gode https://sirdal.info/

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b0120648-10a8-4747-98ca-412acf8a1617

Sist endret

23. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3664225_205889_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser