Hopp til innhold

Assisterande seksjonsleiar

Arbeidsgiver

Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Vil du vere med og leie eit sterkt fagmiljø?

Yrkesmedisinsk avdeling søker ein engasjert og fagleg trygg assisterande seksjonsleiar til seksjon for sjukepleie. Hos oss får du ei spennande nøkkelrolle der du kombinerer leiing, koordinering og klinisk arbeid i eit høgkompetent og tverrfagleg miljø.

Dette er stillinga for deg som ønsker ansvar, trivst med oversikt og struktur, og som finn motivasjon i å legge til rette for gode pasientforløp og ein velfungerande arbeidskvardag for kollegaene dine. Du vil arbeide tett saman med seksjonsleiar og vere ein viktig bidragsytar i den daglege drifta og vidare utviklinga av seksjonen.

Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for Helse Vest-regionen og arbeider med utgreiing, behandling og førebygging av allergiske sjukdommar og arbeidsrelaterte helseplagar. Avdelinga har òg ansvar for fleire nasjonale behandlingstenester, mellom anna Nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling og Norsk senter for maritim og dykkemedisin. Dette gjev eit mangfald av faglege problemstillingar og store moglegheiter for læring og utvikling.


Arbeidsoppgåver

Som assisterande seksjonsleiar vil du mellom anna:

  • ha ei sentral rolle i den daglege operative leiinga av seksjonen, med ansvar for drift, bemanning og ressursoversikt
  • koordinere pasientutgreiing, behandling og pasientforløp i tett samarbeid med øvrig fagpersonell
  • bidra aktivt til å sikre høg kvalitet, pasienttryggleik og god arbeidsflyt
  • følge opp medarbeidarar når det gjeld arbeidsmiljø, sjukefråvær og medarbeidersamtalar
  • vere med å vidareutvikle rutinar, arbeidsprosessar og fagleg praksis
  • samarbeide tett med andre seksjonar og fagmiljø i avdelinga
  • rapportere til seksjonsleiar og fungere som ein viktig fagleg og administrativ støttespelar

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som:

  • er autorisert sjukepleiar/ spesialsjukepleiar
  • har erfaring frå leiing og/ eller koordinering 
  • har erfaring med tverrfagleg samarbeid og trivst i ei rolle med mange kontaktflater
  • er fagleg nysgjerring og har vilje til å tileigne deg kunnskap på nye fagområde
  • har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • har kjennskap til relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
  • gjerne har kjennskap til allergologi

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Du er:

  • strukturert, løysningsorientert og god til å prioritere i ein travel arbeidskvardag
  • ein tydeleg kommunikator som skaper tillit
  • motiverande og støttande i møte med kollegaer
  • samarbeidsorientert og bidreg aktivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
  • fleksibel , lærevillig og trygg i handtering av nye og komplekse oppgåver
  • roleg og handlekraftig også i krevande situasjonar

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • ei spenande og meiningsfull leiarrolle i eit sterkt og kompetant fagmiljø
  • varierte arbeidsdagar med faglege utfordringar og moglegheit for utvikling
  • tett sammarbeid med engasjerte og dyktige kollegaer
  • reell mogelegheit til å påverke utviklinga av fag, drift og pasientforløp
  • gode pensjonsordningar og ryddige arbeidsforhold
  • lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Grete Kalleklev Velure, Ass leiar, 55973901

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5123857869
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Grete Kalleklev Velure

Ass leiar

55973901

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c93acbea-4ff1-462c-b934-2e5f978d63c1

Sist endret

6. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

24b712c340e04119abb3c16581d27396

Lignende annonser

Laster lignende annonser