HR konsulent
Organisasjonsavdelinga
Arne Garborgs veg 32, 4344 Bryne
Om jobben
Stillingstittel
HR konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 29. august
Organisasjonsavdelinga i Time Kommune, treng ein ny medarbeidar innan fagområdet HR og personaladministrasjon.
Me ser etter deg som har utdanning innan HR, administrasjon eller økonomi, og som ønskjer å bruke kunnskapen din i praksis. Er du nyutdanna og nysgjerrig på HR-feltet, er du også velkommen til å søkje. Om du er person som har erfaring og ser på denne stillinga som ei spennande moglegheit, erfaring er ikkje eit krav, men me legg vekt på relevant kompetanse og engasjement for faget. Hos oss får du mogligheit til å utvikle deg vil ha fagleg og aktiv medverknad på eigen arbeidssituasjon og oppgaver.
Arbeidsoppgåver
Du vil få opplæring og medansvar innan:- Utforming og publisering av stillingsutlysingar
- Administrasjon av arbeidsavtalar og permisjonar
- Vedlikehald av stillingskodar og lønnsplassering
- Oppfølging av tariffavtalar og gjeldande lovverk
- Dokumenthåndtering og berekning av ansiennitet
- Bidra til utvikling og forbetring av HR-prosessar
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan HR, administrasjon eller økonomi
- Interesse for offentleg forvaltning og arbeid med personaladministrasjon
- Gode digitale ferdigheiter – gjerne med kjennskap til Visma
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i arbeidsfellesskapet
- Sjølvstendig og aktiv i møte med oppgåver som må løysast
- Open for nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen utviklar seg
- Engasjert og motivert av faglege utfordringar
- Strukturert arbeidsform og vilje til å tileigne deg ny kunnskap
- Gode kommunikasjonsevner – du formidlar klart og tydeleg
- Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg. Dette vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
- Gode pensjonsordningar, KLP tenestepensjon
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utviklande arbeidsplass i eit godt og støttande arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i kontinuerleg utvikling
- Ein arbeidskultur der me har ein felles leveregel: Me gjer kvarandre gode – gjennom å yta service, gje og ta imot tilbakemeldingar, dela kunnskap og ferdigheiter, og heia fram gode idear.
Velkommen til å søkje, me gler oss te å lesa søknaden din.
Kontaktinformasjon
Odd Magne Amdahl, Organisasjonssjef, 90872661, odd.magne.amdahl@time.kommune.noOddfrid Kjærvoll Morken, Fagleiar, 91128792, oddfrid.morken@time.kommune.no
Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 324344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5002374207
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c9180623-675a-4829-80a9-74a06e9eebea
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a69cbfac65ad42498a3f2ca0d4fc75fb