Hopp til innhold

Driftsoperatørar og tilkallingsvikarar

Arbeidsgiver

SIMAS IKS

Sted

Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger

Om jobben

Stillingstittel
Driftsoperatørar og tilkallingsvikarar
Type ansettelse
Annet, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. desember

Om stillinga

Som driftsoperatør blir du ein del av laget som står for den daglege drifta av miljøstasjonane våre.

Arbeidskvardagen er variert og inneber mykje kontakt med kundane våre. Du vil mellom anna rettleie om sortering, ta imot og handtere ulike typar avfall og bruke truck, maskiner og anna arbeidsutstyr.

Arbeidet blir utført både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Som tilkallingsvikar vil arbeidstid og arbeidsmengde variere etter behov. Fleksibilitet og høve til å stille på relativt kort varsel vil vere ein fordel


Arbeidsoppgåver

  • Drift av miljøstasjonar
  • Kundehandsaming og rettleiing
  • Sortering av diverse avfall, mellom anna farleg avfall
  • Mottak, kontroll og registrering av farleg avfall
  • Bruk av truck og maskiner
  • Ulike transportoppdrag
  • Andre oppgåver som naturleg høyrer til drifta

Ynskjeleg erfaring og kompetanse

  • Førarkort klasse B
  • Truckførarbevis
  • Erfaring med truck, maskiner eller anna arbeidsutstyr
  • Erfaring frå avfallsbransjen, miljøstasjon, logistikk eller anna praktisk arbeid
  • Grunnleggjande IT-kunnskap
  • Erfaring frå kundehandsaming eller service

 

Du treng ikkje å kunne krysse av på alt. Relevant erfaring, motivasjon og dei rette personlege eigenskapane kan vege opp for manglande formell kompetanse.


Me ser etter deg som

  • Er serviceinnstilt og trivst med kundekontakt
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • Er strukturert, påliteleg og tek ansvar
  • Ser kva som må gjerast og tek initiativ
  • Er fleksibel og kan stille opp når drifta krev det
  • Er villig til å lære og setje deg inn i nye arbeidsoppgåver
  • Trivst med fysisk og praktisk arbeid

Me tilbyr

  • Ein variert og praktisk arbeidskvardag
  • Meiningsfylte arbeidsoppgåver hos ein viktig miljøaktør i Sogn
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer
  • Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing
  • Løn etter eigen lønstabell
  • Pensjonsordning i KLP
  • Moglegheit for lengre arbeidsperiodar dersom behovet oppstår

Arbeidstid og arbeidsstad

Arbeidstid og arbeidsstad vil variere etter behov og gjeldande vaktplan.

Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til miljøstasjonane våre, og det må påreknast arbeid på ulike lokasjonar etter behov.

For kandidatar som ønskjer meir arbeid over tid, kan det bli aktuelt med lengre vikariat eller større stillingsomfang dersom behovet i drifta endrar seg.


Kontaktperson for stillingen

Jan Frode Bolstad

Leiar miljøstasjon

+47975 40 906

janfrode@simas.no

Om bedriften

SIMAS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn. Selskapet har som formål å handsame avfall frå hushaldningar og verksemder.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c90f5ebb-b59c-42ea-8d09-102bec5655ea

Sist endret

19. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10316542

Lignende annonser

Laster lignende annonser