Hopp til innhold

Driftsoperatør med ansvar for ombruk

Arbeidsgiver

SIMAS IKS

Sted

Festingdalen på Kaupanger, med arbeid på miljøstasjonane i eigarkommunane våre, 6854 Kaupanger

Om jobben

Stillingstittel
Driftsoperatør med ansvar for ombruk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. desember

Om stillinga

SIMAS søkjer ein engasjert og initiativrik driftsoperatør med særleg ansvar for ombruk. 

Hjå oss får du ei sentral rolle i vidaresatsinga vår på ombruk. Du skal bidra til å utvikle gode arbeidsmåtar, skape engasjement og få ombruk til å bli ein naturleg del av den daglege drifta på miljøstasjonane våre.

Primært søkjer me etter ein person som skal arbeide med ombruk, men som også må rekne med å delta i den ordinære drifta ved miljøstasjonane våre.

 

Dette er ei stilling for deg som likar kombinasjonen av praktisk arbeid, menneske og utvikling. Du får ei sentral rolle i å vidareutvikle ombruksarbeidet i SIMAS og bidra til at ombruk blir ein naturleg del av den daglege drifta på miljøstasjonane våre.

Du skal ikkje gjere dette åleine. Ei av dei viktigaste oppgåvene blir å få med deg resten av laget, dele kunnskap, skape engasjement og bidra til at me saman klarer å ta ut meir til ombruk. Du skal samarbeide med dei andre driftsoperatørane våre og bidra til gode rutinar og arbeidsmåtar på tvers av miljøstasjonane. Her får du høve til å påverke korleis SIMAS skal arbeide med ombruk framover.

 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver innan ombruk

Du vil mellom anna:

  • Bidra til å drive og vidareutvikle ombruksarbeidet på miljøstasjonane våre
  • Koordinere og følgje opp ombruksaktivitet på tvers av miljøstasjonane
  • Engasjere og involvere kollegaer i ombruksarbeidet
  • Utvikle og følgje opp gode rutinar for utplukk, registrering, lagring og vidareformidling av ombruksvarer
  • Bidra til dokumentasjon, rapportering og oppfølging av resultat
  • Samarbeide med interne og eksterne aktørar
  • Bidra til å synleggjere og leggje til rette for ombrukstilbodet vårt
  • Sjå etter nye moglegheiter og bidra til å prøve ut nye løysingar
  •  
Arbeidsoppgåver innan ordinær drift

Stillinga inngår også i den ordinære drifta ved miljøstasjonane våre. Du må difor rekne med å delta i oppgåver som:

  • Drift av miljøstasjonar
  • Kundehandsaming og rettleiing
  • Sortering av diverse avfall, mellom anna farleg avfall
  • Bruk av truck og maskiner
  • Ulike transportoppdrag

Ynskjeleg erfaring og kompetanse

Det er ein fordel om du har noko av dette:

  • Erfaring frå ombruk, avfallsbransjen, logistikk, butikk eller liknande
  • Erfaring med koordinering, prosjektarbeid eller utviklingsarbeid
  • Erfaring med å motivere eller koordinere andre
  • Erfaring med dokumentasjon og rapportering
  • Erfaring med maskiner og praktisk arbeid
  • Truckførarbevis
  • Kunnskap om eller interesse for sirkulærøkonomi og ombruk
  • Grunnleggjande IT-kunnskap

     

Du treng ikkje å kunne krysse av på alt. Relevant erfaring og dei rette personlege eigenskapane kan vege opp for manglande formell utdanning eller praksis.


Kven ser vi etter

Me trur du vil trivast i stillinga dersom du:

  • Har engasjement for ombruk, miljø og god ressursutnytting
  • Tek initiativ og ser moglegheiter
  • Kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Trivst med både praktiske og administrative arbeidsoppgåver
  • Er god til å samarbeide og få andre med deg
  • Kan bidra til engasjement, eigarskap og utvikling i eit etablert lag
  • Kommuniserer godt med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar
  • Har grunnleggjande digital kompetanse og er komfortabel med dokumentasjon, registrering og rapportering
  • Trivst med kundekontakt og ein variert arbeidskvardag
  • Er villig til å lære og utvikle deg

For oss vil personlege eigenskapar, engasjement og gjennomføringsevne vere svært viktig.

 

Har du lyst til å vere med å utvikle ombruksarbeidet i SIMAS saman med oss? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Arbeidstid og arbeidsstad

Arbeidet følgjer oppsett vaktplan med gjennomsnittsberekning og fleksitid.

Normal arbeidsdag er kl. 08.00–15.30. Normalt vil ein til tre dagar i veka kunne innebere arbeid ute på drift fram til omlag kl. 18.30/19.00.

Arbeidsstad er i utgangspunktet Festingdalen på Kaupanger, med arbeid på miljøstasjonane i eigarkommunane våre.


Vi tilbyr

  • Ei variert stilling der du får vere med å påverke
  • Ein kombinasjon av ombruksarbeid, praktisk drift og utviklingsarbeid
  • Ei sentral rolle i vidareutviklinga av SIMAS si satsing på ombruk
  • Meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn
  • Eit arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer
  • Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing
  • Løn etter eigen lønstabell og pensjonsordning i KLP

Også interessert i ordinær driftsoperatørstilling?

Me ønskjer også å høyre frå deg dersom du først og fremst er interessert i arbeid som ordinær driftsoperatør. Dersom tilsetjinga i stillinga som driftsoperatør med ansvar for ombruk fører til intern rokering, kan det samtidig bli aktuelt å tilsetje ein driftsoperatør utan særskilt ombruksansvar frå same søkjargrunnlag.

Me oppmodar dirfor også gode kandidatar som primært er interesserte i ordinært driftsoperatørarbeid, om å søkje og opplyse om dette i søknaden.


Kontaktperson for stillingen

Jan Frode Bolstad

Leiar miljøstasjon

+47975 40 906

janfrode@simas.no

Om bedriften

SIMAS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn. Selskapet har som formål å handsame avfall frå hushaldningar og verksemder.

Me arbeider for å bidra til meir sirkulær utvikling, med særleg merksemd på auka ombruk og materialgjenvinning.

SIMAS har allereie ombruksavdelingar på alle miljøstasjonane våre. Ambisjonen er å få endå fleire brukbare ting ut av avfallsstraumen og tilbake i bruk. No ser me etter deg som kan vere med å løfte dette arbeidet vidare.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9b97c774-c23b-483c-8672-6f2f5a0d36be

Sist endret

13. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10316008

Lignende annonser

Laster lignende annonser