Hopp til innhold

Kantineassistent

Arbeidsgiver

OPK-SY - Avd. YF, Vestland fylkeskommune

Sted

Hegrevegen 1, 6783 Stryn

Om jobben

Stillingstittel
Kantineassistent
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 30. juni

Stryn vidaregåande skule ligg sentrum av tettstaden Stryn, inst i Nordfjord. Skulen har om lag 270 elevar og 60 tilsette. Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram: Teknologi- og industrifag, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. I tillegg har vi landslinje i skiskyting og vaksenopplæring i sal, service og reiseliv (Gloppenmodellen) og modulstrukturert opplæring for vaksne i salsfaget. Vi legg vekt på kvalitet i opplæringa, nær kontakt med arbeidslivet, eit inkluderande læringsmiljø for elevar og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Vil du vere med og skape ein god møteplass for elevar og tilsette? Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt kantinemedarbeidar som ønskjer å bidra til trivsel og gode matopplevingar i kvardagen. Stryn vidaregåande skule har ledig ei 70 % fast stilling som kantineassistent med oppstart 01.08.2026.


Arbeidsoppgåver

 

Som kantineassistent er du med og hjelper til i den daglege drifta av kantina og er ein viktig person i å skape gode opplevingar for elevar og tilsette. Dine arbeidsoppgåver vil være:

  • skape eit hyggeleg og triveleg skule- og arbeidsmiljø for elevar og tilsette
  • oppvask og reinhald
  • tilbereding av mat, både varm og kald
  • baking av alle bakervarer
  • kundebehandling og service til elevar og tilsette
  • enklare reinhaldsoppgåver og varehandtering
  • følgje skulen sitt konsept om berekraftige, sunne kantiner

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid innan kantinedrift, kjøkken eller bakeri.  Ved vurdering av søkjarar vil det verte lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er:

  • Motivert og engasjert
  • Serviceinnstilt og imøtekomande
  • Fleksibel og påliteleg
  • Effektiv og nøyaktig
  • Ansvarsbevisst
  • Gode samarbeids- og relasjonsevner

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn og lønsutvikling i samsvar med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Marit Løvøy Gascogne, avdelingsleiar, 48066029

Arbeidsstad

Hegrevegen 1
6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5146768332
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Marit Løvøy Gascogne

avdelingsleiar

48066029

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c8be930c-5fa0-4f09-9351-e95a0967d41d

Sist endret

16. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bfc0ad75a315410c9c9453664214f34d

Lignende annonser

Laster lignende annonser