Hopp til innhold

Ringevikarar - pleie og omsorg

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Om jobben

Stillingstittel
Ringevikarar - pleie og omsorg
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Om stillinga

Er du på jakt etter ein meiningsfull jobb?

Tysnes kommune søkjer no ringevikarar innan pleie og omsorg. Me har behov for sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar, som kan arbeide innan heimesjukepleie, heimehjelpstenesta, bufellesskap for vaksne utviklingshemma og ved Tysnes omsorgssenter.

Som ringevikar hos oss får du ein variert arbeidsdag der du møter menneske i alle aldrar med ulike hjelpebehov. Me ser etter vikarar som kan arbeide både dag, kveld og natt, avhengig av behov.

Ved tilsetjing vil du få opplæring som er tilpassa den avdelinga du skal arbeide på, slik at du blir trygg i rolla.

For å søkja må du vere fylt 18 år. Me ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp ved innsending av søknaden. 
Tilsetjing skjer fortløpande, og aktuelle kandidatar vil bli kontakta. 


Kva går stillinga ut på

Ringevikarar utfører arbeidsoppgåver innan dei ulike områda, i samsvar med kompetanse og erfaring. 

Relevante oppgåver:

  • Utføre helse- og omsorgstenester tilpassa brukarane sine behov. 
     
  • Sikre god oppfølging av brukarane sine fysiske, psykiske og sosiale behov i tråd med tiltaksplanar.
     
  • Registrere og dokumentere nødvendige opplysningar i fagsystem.

Kva kompetanse som er viktig

Me søkjer etter ringevikarar med ulike utdanningsnivå og kompetanse: 

  • Sjukepleiarar/vernepleiarar
  • Helsefagarbeidarar / hjelpepleiarar / omsorgsarbeidarar 
  • Assistentar 

Felles for stillingane er at det er ynskjeleg med erfaring frå brukargruppene. 

Det er eit krav om gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg. For å bli ringevikar i heimetenesta er det også krav om førarkort klasse B. 

Dersom du får tilbod om stilling som ringevikar og takkar ja, er det krav om politiattest jf. helse og omsorgstenestelova § 5-4, samt eigenerklæring for tuberkulose og MRSA.


Kva me ser etter hos deg

Me ser etter deg som: 

  • er trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske
  • er fleksibel og tilpasningsdyktig
  • har gode kommunikasjonsevner
  • tar ansvar og arbeider sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt i team 

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.


Kvifor skal du jobba hos oss?

Hos oss får du faglege og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Samtidig får du mogelegheit til å utvikle og styrke eigen kompetanse innan ulike fagområder. 

Me tilbyr gode pensjonsordningar gjennom KLP, og løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale.


Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.


Kontaktpersoner for stillingen

Helga N. Boland

Einingsleiar Tysnes omsorgssenter

+4795176846

helga.nilsen.boland@tysnes.kommune.no

Therece Aga

Einingsleiar open omsorg

+47 918 22 616

therece.aga@tysnes.kommune.no

Om bedriften

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c88ddaa6-ad35-41c8-afa1-d5d3cb3948e3

Sist endret

23. september 2025

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10250705

Lignende annonser

Laster lignende annonser