Autorisert helsefagarbeidar
Bykle kommune, Pleie- & Omsorgstenesta
Øvre Sarv 1, 4754 Bykle
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
I Bykle skal alle oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, i tråd med Leve hele livet-reforma. Målet er å sikre alle med behov for helsehjelp gode tenester. Ernæring, fysisk aktivitet og miljøbehandling er viktig.
Bykle pleie- og omsorg har ein institusjon med 15 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens, 6 somatiske plassar og 1 ØHD plass. I tillegg omfattar Bykle pleie- og omsorg heimebaserte tenester og habiliterings tenester.
Vi ynskjer gode faglege diskusjonar. Godt humør er ein viktig del av arbeidskvardagen, og vi er opptekne av å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode og vi ynskjer DEG med på det laget i Bykle!
Stilling er i dag knytta til turnus i institusjon og turnus i habilitering, og er organisert med arbeid i 3 delt turnus og arbeid kvar 3. helg. Tiltreding i stillinga snarast.
100 % stilling som er fordelt slik:20 % fast stilling i institusjon, 70 % vikariat i habilitering og 10 % vikarbank t.o.m. 01.03.24, med mogligheit om forlengingArbeidsoppgåver
- Oppgåver på avdelinga og i habiliteringstenesta
- Take del i dei ulike oppgåvene som er i eininga
- Muntleg og skriftleg dokumentasjon
- Bidra til motivasjon og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Off.godkj/autorisert hjelpepleiar/ helsefagarbeidar
- Det er ynskjelig med røynsle frå liknande arbeid
- Må kunne bruke digitale arbeidsverktøy
- Gode norskkunnskaper, muntleg og skriftleg
- Sertifikat klasse B
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
Personlege eigenskapar
- Fagleg dyktig, lojal, ærleg og tålmodig
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein positiv person med god framferd.
- Må kunne arbeide sjølvstendig, men også i team
- Du må takle uførutsette hendingar
- Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel.
- Har brukar i fokus.
- Bidrar til godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Lønn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
- Barnehageplass og SFO plass frå dag ein i kommunen.
- Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald.
- Bedriftsleiligheit i Kanalbyen, Kristiansand
Krav om godkjent politiattest ved tilsetting.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Kontaktinformasjon
Ranghild Hoslemo, Tenesteleiar, 47354904, ragnhild.hoslemo@bykle.kommune.noArbeidsstad
Øvre Sarv 14754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bykle kommuneReferansenr.: 4636683567
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.03.2023
Om bedriften
Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2284467
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0b6ec15786434dcea26179793f3ba0fb