Uskedalen barnehage treng ringevikarar
Kvinnherad kommune Uskedalen oppvekstsenter
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Type ansettelse
Annet, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Uskedalen barnehage treng ringevikarar.
Dette er ein jobb for deg som kan stilla på kort varsel og vera vikar både med dei minste og dei største i barnehagen.
Vi treng ein trygg, vam og deltakande omsorgsperson og ein god rollemodell for borna.
Vil vil at du aktivt skal bidra til å skapa meiningsfulle og inkluderande barnehagedagar fylt av leik, forutsigbarhet og skaparglede.
Arbeidsoppgåver- Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper
- Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
- Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
- Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
- Personleg stell og tunge løft kan inngå i stillinga
- Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
- Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
- Er lærevillig og utviklingsorientert
- Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
- Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2762012
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3412861_226047_nn