Prosjektmedarbeidar
SIMAS IKS
Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektmedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
Om stillinga
Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og no søkjer me etter ein prosjektmedarbeidar som vil jobbe med sentrale prosjekt i SIMAS. Som prosjektmedarbeidar vil du få vere med å påverke og ha ei rolle i utviklinga av SIMAS som eit framtidsretta renovasjonsselskap.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, koordinere, administrere og gjennomføre prosjektarbeid.
- Me står framfor ei større oppgradering og optimalisering av returpunkt for fritidsrenovasjon. I første omgang vil denne stillinga få hovudansvaret for å planlegge og gjennomføre dette arbeidet, samt følgje opp den daglege drifta av returpunkt.
- I tillegg har SIMAS mange spennande prosjekt med ruteoptimalisering, standard køyreveg, arbeid mot forsøpling, ombruk og pyrolyse, som det vil vere aktuelt å delta i.
Ønskja kvalifikasjonskrav
- Ha interesse for avfallsbransjen og gjenvinning/ombruk
- Relevant høgare utdanning, eller 2-årig teknisk fagskule
- Erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse
- Erfaring med prosjektgjennomføring, miljø, bygg- og anlegg, forvaltning og utvikling er ein fordel
- Vere bekvem med å forvalte og forholde seg til aktuelt regelverk, noko juridisk kompetanse er ein fordel
- Trygg i møte med andre menneske, ha evne til å samarbeide med grunneigarar, eigarkommunar og internt
- Gjennomføringsevne, høg grad av ansvarsfølelse og arbeidskapasitet, samt vere fleksibel
- Ryddig, strukturert og nøyaktig
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og det vil bli teke omsyn til korleis vår nye medarbeidar kan komplettere dei andre medarbeidarane i verksemda
- God til å kommunisere skriftleg og muntleg, snakke og skrive flytande norsk
- God IKT-kompetanse og vere klar for å lære deg nye system
- Førarkort klasse B
Vi tilbyr
- Ein allsidig jobb i ein bransje i utvikling og som er framtidsretta
- Godt fagmiljø og hyggelege kollegaer
- Varierende dagar med aktivt og samfunnsnyttig miljøarbeid
- Fast stilling med gode tenestepensjons- og forsikringsordningar, lønn etter avtale
- Arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i Festingdalen med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
SIMAS IKS er eit renovasjonsselskap i Sogn med stort fokus på klima og miljø og selskapet spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga. Me jobbar kontinuerleg med å utnytte verdiane i avfallet betre. SIMAS ynskjer å bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter på ein kostnadseffektiv måte.
Sektor
Offentlig
Nettsted