Ferievikarar i pleie- og omsorg 2023 i Valldal/Eidsdal
Fjord kommune
Olavsgata 34, 6210 Valldal
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar i helse- og omsorg 2023 i Valldal og Eidsdal
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 99%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
30
Fjord kommune søkar etter ferievikarar i helse- og omsorgstenesta i Valldal og Eidsdal (sjå eigen utlysing for helse- og omsorg i Stordal).
Behovet til kommunen er variert og vi er interessert i alle som kan gå inn i ei heiltid- (100%) eller deltidsstilling for både lang og kort periode.
Ved innsending av søknaden ønskar vi at du presiserar kvar du kunne ønskje å arbeide, når du er tilgjengeleg (frå - til) og kor mykje du kan arbeide (stillingsstorleik). Vi har behov for personell som kan starte i mai og jobbe ut august. Har du høve til å starte før, er det bare å skrive det i søknaden.
- For ferievikarar til kjøkken må søkjar ha fylt 16 år.
- For ferievikarar til heimebasert omsorg, institusjon og bustad for personar med nedsett funksjonsevne må søkjar fylle 18 år, inneverande år.
- For arbeid i pleie- og omsorg vil ein inngå i turnus med arbeid dag, kveld og natt. I dagens grunnturnus er det lagt opp til arbeid kvar tredje helg, men arbeid kvar andre helg er og muleg om ein ønskar dette. I Fjord habilitering har dei langvakter på 14 timer og 10 timar aktiv nattevakt.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorgsoppgåver i direkte kontakt med brukar/pasient.
- Aktuelle arbeidsstader:
- Sjukeheimen
- Kjøkken
- Heimebasert omsorg i Valldal og Eidsdal, søkjar må ha førarkort klasse B
- Fjord habilitering - avdeling Valldal
Kvalifikasjonar
- Vi søkjar primært etter personar med helseutdanning eller etter studentar i helseretta utdanning
- Søkjarar utan helseretta utdanning er også aktuelle.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskkunnskap.
- Politiattest av ny dato må leggast fram til stillingar der dette vert krevd.
- Må beherske norsk både skriftleg og munnleg
- Bilsertifikat klasse B
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/Universitet
- Fagskule/Fagbrev (to år)
- Vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Er trygg, tydeleg og triveleg
- Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
- Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med avtaleverk og tillegg basert på kommunens lønnspolitiske plan
- Tillegg basert på utdanningsløp
- Nyutdanna sjukepleiar og vernepleiar har ei garantilønn på 529 900 NOK.
- Variert arbeid i positivt miljø
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Det vert trekt 2% frå løna til innskot til pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Anna Birgitt Myklebust, Leiar bu- og habilitering, 41867990, Anna.Birgitt.Myklebust@fjord.kommune.noMarit Øvrevoll, Leiar PLO Valldal, 41867970, Marit.Ovrevoll@fjord.kommune.no
Arbeidsstad
Olavsgata 346210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 4604389187
Stillingsprosent: 99%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 12.03.2023
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2220655
- Hentet fra
talentech
- Referanse
16b6a8922e4945b587fbe74449b3bae3