Er du vår nye sjukepleiar?
Kirurgisk poliklinikk og sårpoliklinikk Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. mai 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. mai
Me er ei lita, men høgt spesialisert eining som ligg under kirurgisk avdeling på sjukehuset. Fagleg kvalitet, samarbeid og pasienttryggleik står i sentrum hos oss. Her får du ein variert og meiningsfull kvardag saman med engasjerte og flinke kollegaer.
Me tek imot både planlagde pasientar til utgreiing, behandling og oppfølging innan kirurgiske, ortopediske og urologiske lidingar, og pasientar med akutte skadar som treng øyeblikkeleg hjelp.
Kva kan du forvente av oss?
Du vil bli ein del av eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. Me legg stor vekt på samarbeid, utvikling og kvalitet i arbeidet vårt. På poliklinikken har me eit team som gjer sitt beste for pasientane kvar dag.
Du bidrar i eit variert arbeid knytt til andre pasientgrupper på poliklinikken.
Kven er me på jakt etter?
Me søkjer ein engasjert, sjølvstendig og fagleg god medarbeidar som ønskjer å bidra til vidareutvikling av det urologiske tilbodet vårt medan ein av våre uroterapeutar er i permisjon.
👉 Er dette deg? Då ventar vi på din søknad!
Kva går jobben ut på?
- Assistere legen under mindre kirurgiske inngrep, undersøkelser som recto- og cystoskopi, samt andre undersøkingar innen ortopedi, gastrokirurgi og urologi.
- Arbeid på kirurgisk poliklinikk
- Opplæring og rettleiing av studentar
- Arbeid i tverrfaglege grupper
- Vere med på dei oppgåvene som avdelinga har til ei kvar tid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant erfaring innan poliklinisk arbeid er ønskeleg
- Fagleg engasjement og interesse
- Kjennskap til relevant medisinskteknisk utstyr
- Gode IKT-kunnskapar
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har god fagleg vurderingsevne, er målretta og strukturert
- kan arbeide sjøvstendig og i team
- er tilpasningsdyktig og løysningsorientert
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Isabella Stokka Landmark, Funksjonsleiar , 90257025, isabella.stokka.landmark@helse-fonna.noThomas Sandstå, Avdelingsleiar Kirurgisk avdeling Stord, +47 97579380
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4959582842
Stillingsprosent: 30%
Vikariat
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 08.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Thomas Sandstå
Avdelingsleiar Kirurgisk avdeling Stord
+47 97579380
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2925184
- Hentet fra
talentech
- Referanse
057cd20a8eb54fdd9912ff9f307b8a10