Lærar
Søvik barneskule, Haram kommune
Vollane 25, 6280 Søvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 29. august
Søvik skule er ein barneskule med ca 100 elevar. Skulen ligg midt mellom fjell og fjøre i industribygda Søvik. Vi er ein veldreven skule med flotte lokalitetar og godt arbeidsmiljø. Vi har no ledig ei 100% stilling som lærar, då ein av våre tilsette gjennom mange år har søkt nye utfordringar. Vi ønsker oppstart så snart som mogleg i løpet av hausten. Ta kontakt med rektor for nærare informasjon om stillinga.
Er du ein engasjert lærar som trivst med dei yngste elevane og ser verdien av leik i læringa?
Vi søkjer ein trygg og engasjert lærar til undervisning på 1.–4. trinn. Du vil få arbeide med begynnaropplæring og bruke leik som ein naturleg del av kvardagen. Hos oss møter du eit godt arbeidsmiljø, fagleg samarbeid og høve til å bidra i eit inkluderande og utviklingsorientert skulefellesskap – der både små og store steg blir verdsett.
I Haram kommune er vi opptekne av gode og heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning og fagleg oppfølging av elevar på 1.–4. trinn
- Må kunne ta på seg kontaktlæraransvar
- Planlegging og gjennomføring av begynnaropplæring i lesing, skriving og rekning
- Tilrettelegging for eit inkluderande og trygt læringsmiljø
- Samarbeid med kollegaer, føresette og støtteapparat
- Aktiv deltaking i teamarbeid og utviklingsarbeid ved skulen
- Aktiv bruk av leik som metode i undervisninga for å fremje læring og trivsel
- Bruke digitale verktøy i arbeid og undervisning
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning med særleg kompetanse på småskuletrinnet. (1-4)
- Kompetanse og erfaring med begynnaropplæring og leikbasert læring er ein fordel
- Kompetanse i lese- og skriveopplæring og matematikk er spesielt viktig.
- Erfaring med tilpassa opplæring og inkluderande praksis
- Erfaring og interesse for friluftsliv og uteskule tel positivt.
- Du må ha gode norskferdigheiter. Vi nyttar nynorsk i opplæringa.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er ein tydeleg og varm klasseleiar med positivt elevsyn
- Er god på å byggje relasjonar til både elevar, kollegaer og føresette.
- Er raus og inkluderande
- Bidreg til eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Strukturert, fleksibel og løysingsorientert
- Er engasjert og fagleg oppdatert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein veldriven skule med moderne og innbydande lokalitetar
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Moglegheit til å arbeide med leikbasert læring og begynnaropplæring
- Gode høve for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Vi er ein dysleksivennleg skule
- Tett samarbeid i team og god støtte frå leiinga
- Ein skule der trivsel, tryggleik og læring står i sentrum
Kontaktinformasjon
Tanja Mjøs Otterlei, Verksemdsleiar/Rektor, 41401196, tanja.merete.mjos.otterlei@haram.kommune.noArbeidsstad
Vollane 256280 Søvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5000730533
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c813efe5-8603-4678-95cd-a04f374e6c5f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9856c673cdde4d3d82e2073024971cb5