Medarbeidar/Helsefagarbeidar
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune, Fjord Habilitering
Simamarka 28, 6250 Stordal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Medarbeidar/Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søker medarbeidar i 100% stilling til ein glad og positiv gut på 12 år. Stillinga er på natt i eigen heim måndag-fredag, og det er aktiv nattevakt.
Vi ser etter deg som er omsorgsfull, ansvarleg, empatisk, tålmodig, punktleg, open og god på kommunikasjon. Er du i tillegg lærevillig, kreativ og har glimt i auget, kan det vere akkurat DEG vi ser etter! Helsefagleg bakgrunn og erfaring vil vere eit pluss.
Du vil få god opplæring i alt du treng å vete. Ikkje nøl med å sende ein søknad eller ta kontakt med oss for meir informasjon!
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere stell og personleg pleie, bruk av kommunikasjonshjelpemiddel, vise omsorg og ta ansvar.Kvalifikasjonar
- Beherske godt norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring og interesse for arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne
- gjerne helsefagleg bakgrunn - Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
- Personar som utdannar seg oppfordrast til å søkje på stillinga
- Bilsertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar som beskreve over vert vektlagt
- Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
- Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig
- Er serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- 10 000 kr i nattillegg jf. lønnspolitisk plan (for arbeid på natt).
- God opplæring
- God pensjonsordningi KLP
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Tilsett som Assistent/Pleiemedarbeidar om ikkje anna vert avklart
- Moglegheit for forlenging
Kontaktinformasjon
Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, +47 41867990Arbeidsstad
Simamarka 286250 Stordal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 4959670072
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted