Hopp til innhold

Bustadkonsulent

Arbeidsgiver

Bygg, drift og eiendomsutvikling, Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Boligkonsulent Helse Fonna
Oppstart
2. februar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Helse Fonna skal samle handteringa av bustadutleige til tilsette, vikarar og innleigd personell for alle sjukehusa i Helse Fonna. Vi søkjer etter ein bustadkonsulent i 75 %  stilling som får ansvar for all utleige av våre bustader og blir kontaktpunkt for våre bebuarar.

Føretaket har i overkant av 200 einingar i ulik storleik fordelt på våre 4 sjukehus. handteringa av bustadutleige blir gjennomført digitalt i vårt forvaltningssystem.

Har du godt lag med folk, har ein ja-kultur i botn for det å yte service, og du strekkjer deg for å finne gode løysingar, er det mogleg at du er personen vi leitar etter - og vi ser fram til å få ein søknad frå deg.


Kva går jobben ut på?

  • Ansvar for all booking, inkludert leilighetsbefaringar og klargjering av leigekontraktar
  • Administrasjon ved inn- og utflytting
  • Kontaktpunkt for bebuar
  • Handtering og avstemning av trekklister mot løn
  • Ivareta og definere bustader i forvaltningssystem
  • Opprette feilmeldingar i drift- og vedlikehaldssystem

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Ønskelig med utdanning innan merkantile tjenester, eksempelvis servicefag
  • Erfaring frå serviceverksemd
  • Erfaring med bruk av IKT som styringsverktøy i arbeidet, herunder Office 365
  • Gode norskkunnskapar. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig videregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller ein annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • bidreg til eit godt samarbeid og eit positivt arbeidsmiljø
  • tek ansvar, er punktleg og påliteleg
  • arbeider sjølvstendig og i team, og tilpassar deg raskt
  • kommuniserer tydeleg og finn gode løysningar
  • trivst i høgt tempo og ser kva som må gjerast

Kvifor skal du velje oss?

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Idar Ådnesen, Rådgiver, 95780854, idar.adnesen@helse-fonna.no
Jens Ove Hovda, Rådgiver, 95700945, jens.ove.hovda@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5046475310
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 14.12.2025

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c80f6ed8-3d1c-492d-a782-aa93b6dd03a9

Sist endret

16. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

0b30dd2ff55842bfb4f32356d8578554

Lignende annonser

Laster lignende annonser