Vil du bidra til at fleire kan leve gode liv i eigen heim?
Bømlo heimetenester
Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assistent
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Heimetenesta i Bømlo kommune organiserer tilbod om heimesjukepleie, matombringing, heimerehabilitering, praktisk bistand, velferdsteknologi bl.a. tryggleiksalarmar og elektroniske medisindispenserar, dagtilbod for eldre og brukarstyrt personleg assistanse.
Me jobbar no for å betre oppgåvedelinga i verksemda og søkjer difor etter deg som vil vere med å styrke laget vårt.
Målet vårt er å støtte brukarane i å meistre eigen kvardag i heim eller tilrettelagt bustad. Du vil få ein meiningsfull kvardag der du gjer ein forskjell for menneske kvar einaste dag.
Ynskjer du å kunne bidra og ha ei rolle i dette viktige arbeidet? Då vil me gjerne høyra frå deg.
Stillinga inneber arbeid på dagtid på vekedagar.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald i brukar sin heim.
- Handling og matombringing.
- Rapportering av oppdrag og observasjonar i fagsystemet Mobil Omsorg.
Arbeidet blir utført etter individuelle vedtak i nært samarbeid med brukar og eventuelt pårørande.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Førarkort kl. B.
- Relevant erfaring frå reinhaldsarbeid.
- Erfaring frå arbeid med eldre eller personar med nedsett funksjonsevne.
- Gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Du er trygg på bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen.
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, ansvarsbevisst og til å stole på.
- Du er løysingsorientert og kan raskt tilpasse deg endringar i ein travel kvardag.
- Du kommuniserer godt, samarbeider tett med andre og møter både brukarar og kollegaer med respekt, empati og engasjement.
- Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og har alltid fokus på å yte god teneste.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søkje stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med May Linn Bortne til og med 13.07.25 og Elin Akse Vik frå 14.07.25 - 30.07.25.
Kontaktinformasjon
May Linn Bortne, Avdelingsleiar Sone sentrum, 917 63 643, May.Linn.Bortne@bomlo.kommune.noElin Akse Vik, Avdelingsleiar Sone sør, 412 48 119, Elin.Akse.Vik@bomlo.kommune.no
Hilde Markhus, Verksemdsleiar Heimetenesta, 909 49 278, Hilde.Markhus@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4985757098
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c806abff-fc3a-4bfa-94c6-f12e2bbac8ac
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a0722e32efaf48ad9d8a5c57d310ae6e