Hopp til innhold

Assistenter

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Havneveien 29, 5918 Frekhaug

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Assistent - Frekhaug heimeteneste
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Vi har ledig fleire faste stillingar:

  • 15,5%
  • 66% 
  • 100%

Som assistent ved Frekhaug heimeteneste. Stillinga går i todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Vi ber om at du spesifiserer kva stillingsprosent du søkjer på i din søknad.

 


Arbeidsoppgåver

  • Reinhald
  • Hjelp til personleg hygiene
  • Hjelp til ernæring

Det er krav at utførte tenester vert dokumentert i profil. 


Om avdelinga

Heimetenesta avdeling Frekhaug er ei avdeling med 27,5 årsverk fordelt på om lag 46 tilsette. Her vert du kollega med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og assistentar. Vi kan tilby eit godt fagmiljø, og eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Hos oss vil du få mykje erfaring og auke din kompetanse i arbeidsgruppa og hos brukarar. Avdelinga har ansvar for eit stort geografisk område som gjev tenester til personar busett på Holsenøy og Flatøy. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. 


Kvalifikasjonskrav

Førerkort klasse B


Kven er du?

Vi ynskjer at du som søkjer 

  • kan arbeide aleine - men også samarbeider godt med kollegaer
  • likar å hjelpe mennesker
  • har godt humør
  • er fleksibel
  • er lojal
  • ynskjer å bidra inn ein travel kvardag på jobb

Vi tilbyr

  • Engasjerte, blide og fagleg sterke kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Om bedriften

Som medarbeidar hos oss har du ein spanande  og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik, Ostereidet, Alversund og Lindås.

Kvar avdeling er organisert med eigen einingsleiar og assisterande einingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c8049684-6f1d-4372-a76f-2b3b51b735e1

Sist endret

28. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10276104

Lignende annonser