Vil du bli vår nye skipsførar på hurtigbåt?
Maritim Drift, Fjord1 AS
Strandkaien, 5013 Bergen, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Skipsførar - hurtigbåt Bergen
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 23. januar
I dag er det MS Ladejarl som trafikkerer sambandet Knarvik–Frekhaug–Bergen (Nordhordlandsruta), men snart vil den nye, heilelektriske MS Alversund ta over. Dette er eit viktig steg i arbeidet vårt med å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Turnusen er 2 veker på og 2 veker fri, frå måndag til fredag, noko som gir deg lange samanhengande friperiodar som gjer det enklare å planleggje familieliv og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, og dersom du treng det tilbyr vi hybelordning i arbeidsperioden. I denne stillinga må du rekne med å tjenestegjere på begge sambanda: Nordhordlandsruta og Askøyruta.
Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambanda. Stillinga inneber stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke drifta i det daglege. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land.
I Fjord1 oss får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid.
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av mannskapet og daglege operasjonar om bord
- Ansvar for sikkerheitsstyring og energileiing
- Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap
- Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar
- Ivaretaking av miljømessig tryggleik og etterleving av gjeldande miljøkrav
- Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D4 sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy
- Min 6 mnd fartstid som navigatør på hurtiggåande fartøy
- Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som er ein dyktig skipsførar med solid hurtigbåtkompetanse og inngåande kjennskap til maritime lover. Du utviser sterke leiareigenskapar og kan ta raske beslutningar i krevjande situasjonar, og har gode kommunikasjonsevner.Vi kan tilby deg
- Lønn etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel vaktordning: 2 veker på og 2 veker av, måndag-fredag.
- Hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningstøtte og gode rabattordnigar.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidsstad
5914 Knarvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5061865476
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c7dfaa53-f7bd-4919-9494-a0705027e80b
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
76f6d42ce0dc4c7fb83e47034a5e1ee4
Lignende annonser
Overstyrmann i sambandet Halhjem-Våge, p.t. MF Kommandøren
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Os, Tysnes
Skipsførar - Vikariat reservafartøy
Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Sted
Måløy
Maskinsjef/ maskinist sjøvakt 2:4 i region Vestland
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift
Sted
Bergen