Viti har no ledig eit 100% vikariat i 3 månader som skipper og båtansvarleg
Stiftinga Viti
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Skipper
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. juni
Send søknad til
Viti søkjer etter ein skipper, primært med erfaring av seglande fartøy innafor skule eller kulturhistorisk ramme. Stillinga har ansvar for drift og vedlikehald av museet sine fartøy "Storeggen av Aalesund", "M/K Heland" og opne tradisjonsbåtar brukt til formidling. I tillegg til kunnskap om det driftsmessige, må vedkomande ha evne og lyst til å arbeide med formidling av kystkultur til ulike målgrupper.
Sentrale arbeidsoppgåver
-
Skipper på Viti sine båtar i hovudsak Heland og Storeggen
-
Ansvar for oppfølging av sikkerheitsstyring system om bord.
-
Utføre og ansvar for dagleg vedlikehald.
-
Utføre og ansvar for å rigge ned og pakke ned båtane ved sesong slutt.
-
Utføre og ansvar for utvida vedlikehald gjennom vinteren slik båtane er klare til sesong.
-
Leiing og oppfølging av frivillige lag knytt til båtane
Vi søker deg som har
-
Minimum D5 sertifikat med førarrettigheiter
-
ROC radiosertifikat
-
Gyldig sikkerheitsskurs
-
Gyldig helseattest for sjøfolk
-
Passasjer og krisehandteringskurs
-
Er seglar og vant til å handtere større seglbåtar
-
Gjerne utdanna trebåtbygger eller har godt kunnskap om vedlikehald av trebåtar
-
God kunnskap om vedlikehald av seil og rigg
-
Vandelsattest
Av personlege eigenskapar ønskjer vi oss deg som er
-
Sjølvgåande
-
Positiv
-
Arbeidssom
-
Løysingsorientert
Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Begge målformene må kunne nyttast.
Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.
Vi kan tilby
-
ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
-
løn i SK 1091 Teknikar med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ frå kr 493 700 i årslønn ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
-
fleksibel arbeidstid og medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
Den første månaden er prøvetid. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Det må påreknast noko reising.
Tilsetting: 01.08.2025 til 01.11.2025Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samling og bevaring, og kunstfagleg avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, samtidskunstkunst, jugendstil og folkemusikk.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2929132
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c7df1702-70e0-4de7-a5b0-383183599a65