Vitskapleg assistent (50 %) ved Senter for digitale forteljingar
Universitetet i Bergen
Langes gate 1-3, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Vitskapleg assistent (50 %) ved Senter for digitale forteljingar
Type ansettelse
Åremål, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. juli
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVitskapleg assistent (50 %) ved Senter for digitale forteljingar
Velkomen som søkjar til ei mellombels 50 % stilling som vitskapelig assistent ved Senter for digitale forteljingar ved Universitetet i Bergen. Vi søkjer ein motivert og strukturert person. Stillinga er hovudsakleg knytt til koordinering av forskingsrelaterte arrangement og støtte i planlegging og gjennomføring større vitskapelege aktivitetar og produksjonar. Arbeidet omfattar òg oppgåver innan forskingsformidling og støtte til faglege fellesskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på eit år med moglegheit til forlenging. Planlagt oppstart er 1. oktober 2025.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet vil vere variert, og omfatte forskingsassistanse, arrangementsstøtte, kommunikasjonsarbeid og andre relaterte oppgåver.
- Planleggje og gjennomføre forskingsarrangement og sommarskule, inkludert logistikk, deltakaroppfølging og praktisk koordinering.
- Bidra til forskingsformidling gjennom nyheitsbrev, nettsider, sosiale medium og annan kommunikasjon.
- Innspilling, redigering og distribusjon av podcaster produsert ved senteret.
- Støtte utvikling av forskingsfellesskap, inkludert spelbasert fellesskapsbygging og sosial forskingskommunikasjon.
- Yte administrativ og fagleg støtte til forskingsgrupper, som litteratursøk, datainnsamling, referansehandtering og dokumentasjon.
- Andre oppgåver i prosjektet etter avtale.
Arbeidsstad er ved Senter for digitale forteljingar, Universitetet i Bergen.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Relevant bachelorgrad.
- Erfaring med kommunikasjon, webredigering og sosiale media.
- Erfaring med koordinering av større arrangement med mange involverte partar.
- Erfaring med opptak og redigering av radio eller podcast.
- Flytande språkkunnskap i engelsk, munnleg og skriftleg.
- God IT-kompetanse.
- Evne til å arbeide systematisk, sjølvstendig og resultatorientert.
- Meget gode kommunikasjonsevner.
- Gode samarbeidsevner og serviceinnstilt.
Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Brutto årsløn på 525 000 kr i full stilling for dei med mastergrad (kode 1020) og brutto årsløn 465 000 kr i full stilling for dei med bachelorgrad (kode 1019). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk innan søknadsfristen via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må fylle ut det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden må innehalda:
- Søknadsbrev.
- CV
- Vitnemål og diplomar frå universitet/høgskular og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar).
- Relevante stadfestingar og attestar.
- Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar.
Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, engelsk eller eit skandinavisk språk, eventuelt attesterte omsetjingar til desse språka.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Scott Rettberg på e-post: scott.rettberg@uib.no eller på telefon: +47 55582264.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan sendast til fakadm@hf.uib.no
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista.Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c7dcc531-4fe2-4e61-b1be-178f5928503a
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256536