15% stilling som toraderlærar ved Ullensvang kultuskole
Ullensvang kommune Kulturskulen
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Ullensvang kulturskule er ein veldriven kulturskule med om lag 340 elevplassar innan musikk, dans, drama og visuelle kunstfag.
Kulturskulen har eit nært samarbeid med det frivillige kulturlivet i kommunen. Undervisninga er desentralisert til fleire lokasjonar.
Ullensvang kulturskule søkjer toraderlærar
Ullensvang kulturskule søkjer ein dyktig toraderlærar som liker å jobbe med både barn og vaksne.
Det er ønske om høgskuleutdanning innan faget inkludert PPU.
● Søkjaren må vere engasjert og initiativrik og må kommunisere godt med både born og vaksne.
● Søkjaren må ha kjennskap til og kunne nytta stilartsvariasjonar og breidde innan faget
● Søkjaran må ha sertifikat og disponere bil.
● Det er ønskeleg med god datakompetanse
Arbeidsoppgåver:
● Undervisning av kulturskuleelevar individuelt og i grupper
● Medverknad i produksjonar/arrangement
Søknadsfrist: ? (så snart som mogleg)
Me tilbyr:
● Gode vilkår for fagleg utvikling
● Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
● Gode forsikrings- og pensjonsordningar
● Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2942670
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3503319_194009_nn