Ullensvang kommune søker trainee: Byggingeniør
Framtidsfylket AS
Opheimsgt. 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
I avdeling for Veg, park og hamn ser vi no etter deg som vil vere med å bidra til ei viktig samfunnsoppgåve i kommunen. Som ein tidlegare trainee seier:
- Om du vil utrette ein forskjell må du kome til ein mindre plass, det er her stemma di betyr noko.Dette vil du jobbe med:- Vedlikehald og drift av kommunale vegar
- Dokumentasjon av kommunale bruer og vegar
- Planarbeid og offentleg anskaffing
- Trafikktryggleiksarbeid og prosjektarbeid med veglys
- Bidra til å utarbeide vedlikehaldsplanar og årshjul
Lista er ikkje utfyllande, og oppgåvene kan tilpassast dine fagkunnskapar. Den rette personen kan også få prøve seg som byggjeleiar/prosjektleiar og på mindre prosjekteringsarbeid.
Avdelinga vår består av 17 årsverk med ansvar for hamn, bruer, leikeplassar, parkanlegg, veglys, offentlege toalett og planarbeid i kommunen, med meir. Kontorplassen din blir på Hjøllo 10 i Odda og du vil rapportere til verksemdleiar.
Kvifor jobbe hos oss?Hos oss får du raskt ansvar, men vil ikkje stå åleine. Du vil samarbeide tett både med nære kollegaer, driftsoperatørar, faglege leiarar og verksemdleiar. Du vil få det du treng av nødvendig kurs og kompetanse for å utføre arbeidet. Vi ønskjer å tenke nytt innan fag, system og drift, så har du eit kreativt hovud får du sjansen til å sette spor etter deg.
Ikkje minst er dette ein god plass å starte for deg som ønskjer å hente brei erfaring og kunnskap. Hos oss får du garantert lære mykje på kort tid.
Her får du altså:- Meiningsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit sterkt og godt fag- og arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
- Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod
- Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Leve ditt beste liv i Noregs friluftshovudstad!
Du har relevant høgare utdanning innan bygg og anlegg. Du er påliteleg, nysgjerrig og vågar både å tenke nytt og iverksette arbeidet. Du kommuniserer godt på norsk og er trygg i dialog med ulike fagmiljø og i overordna møter. Du trivst både med å vere ute på synfaring og prosjekt, og å jobbe med teikning og prosjektering på kontor. Synfaringar og feltarbeid krev ein viss fysisk aktivitet, og det blir dagar du må ha på deg regnkle og vernestøvlar. Men det er nettopp denne variasjonen som gjer det så kjekt å jobbe her.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Krav til norsk framstillingsevne munnleg og skriftleg: B2.
Ikkje for å skryte, men vi kan ikkje la vere: I Ullensvang er vegen til verdas vakraste naturopplevingar kort, uansett om du vil gå i høgfjellet eller slappe av ved fjorden. Turisme, siderproduksjon og industri blomstrar, og til deg som likar det litt meir urbane kan vi skilte med at vi har vår eigen Michelinkokk i Odda og badstue i Sørfjorden!
Så, kva seier du? Skal du bli med på laget vårt i Ullensvang kommune?
Søk no, og start karriera di på beste vis!
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette."
Om bedriften
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c74f573c-f8ae-48e4-8fdd-316dd959b506
- Sist endret
3. februar 2026
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
c7317e59-7b00-4e8a-b827-f5c1d03510df
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling
Sted
Odda