Seniorrådgivar EURES
Nav Vestland
C. Sundts gate 29, 5004 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgivar EURES
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. september
EURES (European Employment Services) er eit samarbeid mellom EU-kommisjonen og EU/EØS-landa og Sveits. EURES-tenesta gir bistand til rekruttering til og frå EU/EØS, informasjon og rettleiing til både arbeidsgivarar, arbeidssøkarar og Nav-kontor. Hovudmålet for EURES er å flytte arbeidskraft til der behovet er.
Vi ser etter ein engasjert EURES-rådgivar for å vidareutvikle dette spennande fagfeltet og styrke marknadsarbeidet i Nav Vestland.
Som EURES-rådgivar blir du ein del av avdeling for fag og tenester. Du vil jobbe tett og tverrfagleg saman med kollegaer på fylkeskontoret og ute i Nav-kontora. EURES-arbeidet koordinerast av rådgivar for arbeidsinkludering.
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføring av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland, med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 50 tilsette fordelt på fire avdelingar.
Vi kan love deg innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille!
Arbeidsoppgåver:
- Rettleiing til arbeidsgivarar i Noreg som ønsker å rekruttere frå EU/EØS og Sveits
- Rettleiing til arbeidssøkarar i Noreg som søker jobb i EU/EØS og Sveits, samt til arbeidssøkarar frå EU/EØS og Sveits som søkar jobb i Noreg
- Halde presentasjonar og delta på jobbmesser
- Fagleg og operativt samarbeid med Nav-kontora for å levere EURES-tenester i Vestland
- Rapportere til overordna nivå om aktivitetsplan og drift/oppdrag
- Samarbeide på tvers av kommunar, fylke og land, og delta på kurs/opplæring i regi av EU-kommisjonen
- Vere oppdatert på situasjonen i arbeidsmarknaden i Noreg, EU/EØS-området og Sveits
- Bygge og vidareutvikle marknadsarbeidet i fylket i samarbeid med regionane
- Delta i rekrutteringsprosjekt i samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar
Andre arbeidsoppgåver kan òg bli aktuelle.
Stillinga krev reiseverksemd, både i Noreg og til andre land. Du som blir tilsett må gjennomføre obligatorisk sertifisering og kurs innan EURES.
Kvalifikasjonar:
Du må ha:
- Utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Både norsk og engelsk nyttes i arbeidskvardagen. Du må difor ha gode skriftlege og munnlege formidlingsevner på norsk og engelsk.
- Kjennskap til og interesse for arbeidsmarknaden og behova i arbeidsmarknaden
- God digital kompetanse og evne til å sette deg raskt inn i nye system
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring frå arbeid med nettverksbygging
- God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester
- Erfaring frå oppsøkande kontakt med arbeidsgivarar eller andre samarbeidspartnarar
- Erfaring frå inkluderingsarbeid
- Evne til å kommunisere på andre europeiske språk
- kjennskap til LEAN som arbeidsmetodikk
Vi ser etter deg som:
- Trivst i møte med andre menneske, bygger relasjonar og er god til å samarbeide
- Har interesse for internasjonalt samarbeid og god fleirkulturell forståing
- Er komfortabel med å halde presentasjonar/snakke for større og mindre grupper
- Jobbar utviklingsorientert og er løysningsdyktig
- Er engasjert i samfunnsoppdraget til Nav og ønsker å jobbe for å gi menneske moglegheiter
Som tilsett hos oss får du:
- Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Stillinga er plassert i stillingskode 1364 som seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr 690 000 til 750 000 per år. Fors særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Jane Britt Daae, avdelingsdirektør, 41460137, jane.britt.daae@nav.noArbeidssted
C. Sundts gate 295004 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 5009209978
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c70ae7af-981d-4d72-b31f-99c186e305d4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
046e83c20080491eb000f9a355725e05